responskurs med tormod haugland 26. & 27. februar 2022

Dette intensive helgekurset er eit tilbod for deg som saknar grundig lesing av dei skjønnlitterære tekstane dine, og som vil erfare korleis tekstgjennomgang kan føregå på akademiet, saman med elleve andre. Fleire tidlegare responskursdeltakarar har seinare kome inn på årsstudiumet vårt. Kursleiar er forfattar og skrivelærar gjennom ei årrekke, Tormod Haugland. Påmeldingsfrist er 1.februar 2022. Meir info og søknadsskjema finn du her.

temakveld med anna kleiva torsdag 18.november

Denne veka har Anna Kleiva vore gjestelærar i kurset sjanger, stad og stemme, og skal på temakvelden snakke med Eli Fossdal Vaage om å skrive i og utanfor sjanger, om å gi staden ein stemme eller stemma ein stad å snakke frå.

Anna Kleiva er fødd i 1985 i Oslo. Ho er oppvaksen på Vinstra og bur i Oslo. Ho debuterte med diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011 og har sidan debuten gitt ut diktsamlingar, gjendiktingar og seinast den litterære collagen Echo Mountain.

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, der det også vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E

tidspunkt kl. 19.00 (til ca. 21.00)

Ope for alle.

Gratis inngang.

temakveld med bjarte breiteig

Bjarte Breiteig (f.1974) er kritikarrost novellist og romanforfattar og tidlegare student og gjestelærar ved Skrivekunstakademiet. No er han aktuell med romanen «Tøyeneffekten». Basert på eigne røynsler skildrar han ein liten familie i krise i innvandrerbydelen Tøyen i Oslo. Mona, Jostein og sonen Kalle har i fleire år vore idealistar og drive ein nabolagskafe i det som lenge var landets meist berykta bydel. Korleis går det med familien og korleis er tilhøva på Tøyen i tida etter bydelsløftet i 2014? Bjarte Breiteig kjem til Skrivekunstakademiet for å lese frå og snakke om romanen.Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, der det også vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.Fredag 29.oktober kl. 19.00 (til ca. 21.00)

Temakvelden er i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft. Inngang E.

Ope for alle.
Gratis inngang.
Sal av drikke.

Opptak årsstudium i skapande skriving 21/22 og påbyggingskurs 21/22

No er opptaket til årsstudium i skapande skriving 2021/22 gjort, og vi ønsker følgjande 12 studentar velkommen til oss i haust:

Marita Algrøy, Tron-Petter Nilsen Aunaas, Marthe Bleu, Jens-Emil Thunold Furu, Hanna Louise Grønneberg, Johan Lindvall, Astrid Olling, Amanda Bjørnvall Olsen, Mette Paust-Andersen, Maja Liisberg Poulsen, Levina Storåkern og Fredrik Vågenes.

Opptaket til påbyggingskurset 2021/22 er også gjort, og vi ønsker følgjande 6 studentar velkommen til oss i haust:

Ravn Stenberg, Marie Bergby Handeland, Paal Elstad, Olav Jamtveit, Silje Ulstein og Julia Nilsen Martincic 











Ledige stillingar som skrivelærar på skrivekunstakademiet

Vi lyser ut følgande tre stillingar:

To stillingar som skrivelærar på årsstudiet i skapande skriving (25%)

Ei stilling som fast skrivelærar på påbyggingskurset i skapande skriving (30%)

Til alle stillingane søkjer vi ein skjønnlitterær forfattar med røynsle frå undervisning i skapande skriving. Stillingane er faste deltidsstillingar og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterær praksis. Undervisninga er delt inn i fleire kortare periodar, der tekstverkstad med lesing og respons, og meir teoretisk undervisning vil inngå. Stillinga inkluderer også eit fast tal møtedagar, og det vil såleis vere ein føresetnad med bustad i bergensområdet. Løn etter avtale. Kvinner vert oppmoda til å søkje.

Søknadsfrist: 7. mai 2021. Finn-annonsa er her

For spørsmål om stillingane, ta kontakt med akademileiar Sivert Nesbø på sivert@skrivekunst.no eller 930 91 209.