All posts by skrivekunst

Temakveld med Thure Erik Lund

Thure Erik Lund har vore gjestelærar på Skrivekunstakademiet, og skal i kveld halde eit foredrag om korleis ein kan eller skal skrive ein roman. Vi gler oss!

Thure Erik Lund (fødd i 1959) debuterte i 1992 med «Tanger», som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Sidan har han gitt ut 18 romanar og essaysamlingar og har vunne Sultprisen, Kritikerprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen. Lunds siste bok er «Vertebrae» som kom i 2023 og som kan lesast som ein frittståande oppfølger til romanen «Identitet» frå 2017.

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E
tidspunkt kl. 19.00 (til ca. 21.00)
Ope for alle.
Gratis inngang.
Temakveldane på Skrivekunstakademiet er støtta av Bergen Kommune og Kulturdirektoratet.

Temakveld med Sandra Lillebø og Anna Kleiva

Denne veka har Anna Kleiva vore lærar i kurset metode og prosess, og skal på temakvelden snakke med gjestelærar Sandra Lillebø om metode og prosess i skrivinga, og om Sandra Lillebø sin nyaste roman, Ein fransk familie. Vi gler oss!

Sandra Lillebø er fødd i 1978 i Ålesund og bur i Bergen. Ho debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlingen Navnet på den ensomme er frigitt. Etter to diktsamlingar kom romanen Tingenes tilstand i 2020, og i 2023 er ho aktuell med romanen En fransk familie.  

Anna Kleiva er fødd i 1985 i Oslo. Ho er oppvaksen på Vinstra og bur i Oslo. Ho debuterte med diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011 og har sidan debuten gitt ut diktsamlingar, gjendiktingar og seinast den litterære collagen Echo Mountain. 

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, der det også vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E

tidspunkt kl. 19.00 (til ca. 21.00)

Ope for alle.

Gratis inngang.

Temakveldene på Skrivekunstakademiet er støtta av Bergen Kommune og Kulturdirektoratet.

Temakveld med Casper André Lugg 14. september

Casper André Lugg kjem til Skrivekunstakademiet 14. september for å snakke om poesi og om «relasjonsbegrepet» i poesien, med hovudvekt på naturrelasjonen. 

Casper André Lugg er ein av våre sterkaste og tydelegaste unge lyrikarar. Hans dikting har en særleg stemthet mot naturen og mennesket i naturen. Hans åttande diktsamling de minste bærer vann og ei attdikting av Ann Jäderlund blei gitt ut i fjor.

Casper André Lugg er fødd i 1985 og bur på Manstad. Han debuterte med diktsamlinga Lite rekviem (2011) og i 2015 kom Dagene er som gress. For desse blei han tildelt Bokhandelens forfatterstipend. Sidan har han utgitt dei kritikerroste samlingene Nymånedagene (2016) og Det store svaet (2017), Tilgi det virkeliges blomstring (2018), Mariabiotopene (2020) og sted for løpende hjerte (2021).

Temakveldane på Skrivekunstakademiet er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme. Det vert òg mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E. Sal av drikke.

Opptaket til Skrivekunstakademiet 23/24

Opptaket til Skrivekunstakademiet 23/24 er ferdig!

Årets studentar til årsstudium i skapande skriving 23/24 er:

Kaja Jørgensen
Frederikke Degnbol
Karen Berge
Leif Henrik Hoøen
Magnus Wold
Vilde Steenfeldt-Foss
Tobias Trane Tellefsen
Mathias Teigen Refsnes
Oda Alexandra Standberg Sporsheim
Agnes Onshus Grønn
Embla Eskilt Hagalisletto
Frida Maria Agger Holdensen

Årets studentar til påbyggingskurset 23/24 er:

Kajsa Bøyum
Lina Nilsson Ågren
Silje Marie Waaktaar Åsheim
Ylva Østby Berger
Malou Stålmann
Luca Engberg Talamona

Vi ser fram til eit nytt skuleår!