OM OSS

Skrivekunstakademiet er ein høgskule som driv undervisning innan skjønnlitterær skriving. Vi har landets mest etterspurde utdanningstilbod på dette feltet, og mange av våre studentar har debutert som forfattarar.

Vi gjev undervisning i dei ulike skjønnlitterære sjangrane. Det er i hovudsak forfattarar som underviser, for tida fire faste lærarar i tillegg til ei rekkje gjestelærarar. Undervisninga legg vekt på det praktiske skrivearbeidet, og særleg på den einskilde student sine eigne tekstar.

Akademiet er lokalisert i Kulturhuset USF (Verftet) på Nordnes, eit bygg som huser mange kulturverksemder og kunstnarar innan ulike fagområde. I tillegg finn ein kafé, filmklubb, konsertlokale, visningsrom og teatersal i bygget.

Skrivekunstakademiet blei skipa i 1985, av forfattaren Rolf Sagen og Hordaland fylkeskommune, som finansierer institusjonen. I styret sit representantar frå fylkeskommunen, Universitetet i Bergen og Den norske Forfatterforening. Skrivekunstakademiet i Hordaland er ei stifting som har til føremål å gje undervisning i skrivekunst og elles arbeide for å styrkje norsk skriftkultur. Årsstudiet er gratis, og er godkjend som høgare utdanning av NOKUT. Fullført utdanning gjev 60 studiepoeng. Ein kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse for utdanning.

Styret

For valperioden 2020–2024 er følgjande medlemmer og varamedlemmer vald til styret for stiftinga Skrivekunstakademiet, i tillegg til Tormod Haugland som tilsettrepresentant og Robin van de Walle som studentrepresentant for undervisningsåret 2020–21:

1. Børge Lunde, Styreleiar
2. Kari Aakra
3. Katrine Johannesen
4. Heidi Marie Kriznik  (Den norske Forfatterforening)
5. Erik Bjerck Hagen (Universitetet i Bergen)

Varamedlemer

1. Hilde Horpen
1. Malin Nøss Vangsnes
1. Sofie Marhaug
1. Sandra Lillebø  (Den norske Forfatterforening)
1. Christine Hamm (Universitetet i Bergen)