Årsstudium i skapande skriving er eit fulltidsstudium over to semester, haust og vår, og gjev i hovudsak undervising i skriving og lesing av prosa og poesi. Studiet høver for deg som vil bli forfattar eller ynskjer å fordjupe deg i skriving og tekstlesing ut frå personlege eller yrkesmessige grunnar.
Søknadsfrist primo april 2021.
I år blir det for første gang digital søknad. Søknadsskjema blir lagt ut her i god tid før fristen.
Utdjupande informasjon om årsstudiet, samt krav til søkjarar og studentar som er tatt opp, finn du i:
Skrivekunstakademiet nyttar seg av ei rekkje gjestelærarar. Ei oversikt over lærarkreftene våre dei siste åra, finn du under tilsette og gjestelærarar og temakveldar.