ÅRETS KULL

Studieåret 26/27 er godt i gang. Påbyggingskurset vårt hadde første samling i veke 36 og kjem på besøk att til andre samling i november.

Årsstudiet hadde opningsveke i veke 35, etterfulgt av to veker poesikurs, som fekk ei høveleg avslutning då vi reiste til Poesifestivalen i Ulvik. Der fekk dei vere med på eit variert, lærerikt og inspirerande program, og ikkje minst fekk vi høyre studentane lese opp eigne tekstar på Haugesenteret.

No har dei første veka med kurs i kortare prosa og neste veke inviterer vi til temakveld med Kristin Vego, som er gjestelærar på kurset.

Under kan de sjå kven studentane og kursdeltakarane er. Berre merk dykk desse namna først som sist, og ta godt i mot dei der de måtte treffe dei!

Årsstudium 26/27

Andrea Abelone Berg
Remi Neverdal Birkenfeldt
Mattis Emil Finne-Habel
Live Miranda Flaten
Ingunn Mjønerud
Weronika Nitsch
Camilla Nordtveit
Jeppe Schreiner
Emil Thorup
Liv Csilla Wallace
Ina Ovidia Aarskog

Påbyggingskurs 26/27

Nora Eide
Amalia Sanchez Knotten
Carl Tomas Nising
Linda Sandbæk
Rubina Johnsen Sletaune
Maja Waltré

Studentane på årsstudiet øver på opplesing på Haugesenteret

TEMAKVELD MED KRISTIN VEGO

Vi er glade for å ha Kristin Vego tilbake som gjestelærar på årsstudiet sitt kurs i kortare prosa i haust, og i det høvet inviterer vi til temakveld med henne.

Vego skal halde eit føredrag for oss, der ho snakkar med utgangspunkt i romanen ho held på å skrive, ein roman som kanskje/kanskje ikkje kjem til å finnast. Ho vil snakke om å skrive ut frå erfaring eller førestilling, om balansen mellom det kvardagslege og det usedvanlege, om å skrive som mor/kvinne, og om lesing og originalitet. Og: kvifor skriv ho i det heile tatt …?

Vi tilrår dette arrangementet på det varmaste for alle skrivande, og andre som måtte vere interesserte i å høyre ein forfattar dele raust og ope om eigen prosess.

Kristin Vego (f. 1991) er ein dansk-norsk forfattar frå Aarhus, busett i Oslo. Ho debuterte i 2021 med novellesamlinga Se en siste gang på alt vakkert. For den tok ho imot både Tarjei Vesaas» debutantpris og den prestisjetunge Bogforums debutantpris i Danmark.

I 2024 gav ho ut romanen Sent på dagen, som hausta gode kritikkar og som vart trekt fram som ei av årets ti beste bøker i Aftenposten.

I år kom ho med essaysamlinga Kanskje det er mitt hjerte, som er ei undersøking av kva litteratur kan vere, samtidig som den utforskar kva det vil sei å bli mor.

Vego har òg tidlegare vore redaktør i tidsskriftet Vagant og kritikar i Dagbladet Information.

Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle.

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.

Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.

Opplesingskveld med påbygg!

Dei seks deltakarane på påbyggingskurset vårt har si siste samling i juni og inviterer til ein kveld med opplesingar av eigne tekstar måndag 8. juni kl. 19:00.

Arrangementet finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på USF Verftet på Nordnes i Bergen. Bruk inngang E under den store klokka før du kjem heilt ned til kaien.

Velkommen!:)

Deltakarar: 
Lina Breidablik
Signe Zacher Carlsen
Abdirahman Hassan
Irina Haugane
Ingvill Maria Daatland Hekne 
Karin Holmlund 

Undervisarar: 
Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug

Gratis inngang. Sal av øl og vin. Ope for alle.

SOMMARKURS 2026

Skrivekunstakademiet held sommarkurs 22.-25. juni! Årets kurshaldarar er er Eivind Riise Hauge og Eli Fossdal Vaage og kurset vert halde over fire dagar i Skrivekunstakademiet sine lokale på USF Verftet i Bergen. 

Sommarkurset passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønske om å utvikle seg litterært. 

Søknadsfristen er 18. mai 2026 kl. 23:59.

Les meir om kurset og søk her!


Lansering av studentantologi: Grand Detour Plow Company

Studentane på årsstudiet har laga antologi og for å feira dette inviterer dei til lansering og fest på Landmark onsdag 20. mai kl. 20:30!

Grand Detour: Att ta en längre väg för att undvika någonting eller – finna något annat längs vägen. 

Vad kan man finna längs vägen av någon annans språk? 

Dørene opnar: 20:00
Start: 20:30
Musikk: Pretty Little Tubas
Opplesingar frå studentane
Gratis inngang

Stad: Landmark, Rasmus Meyers allé 5, 5015 Bergen