Målgruppe
Studiet høver for den som vil utvikle skriveevner med tanke på skjønnlitterær forfattarskap, eller opparbeide kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess i høve til arbeid innan journalist- og mediefag, forlagsverksemd, litteraturkritikk og -formidling.
Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Ein held ikkje fram nokon modell for skrivinga, men tek utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med respekt for den einskilde si uttrykksform.
Krav til søkjar
- Generell studiekompetanse (tilsvarande Studentereksamen i Danmark og Slutbetyg i Sverige).
- Søknad om opptak skal innehalde 10–15 sider nyskriven tekst (skreve i løpet av siste to år) av skjønnlitterær karakter. Det kan vere ein samanhengande tekst, eller fleire kortare tekstar. Ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte.
Søknad skal elles ha opplysningar om:
- Personlege data
- Tidlegare utdanning
- Skrive- og leseerfaring
- Motivasjon for studiet
Språk
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk vert vurderte på lik linje. Søknader på andre språk vert ikkje vurderte.
Opptaksnemnd og vurdering
I nemnda for opptak sit minst tre av dei fagleg tilsette ved akademiet.
I vurdering til opptak legg ein vekt på søkjar si evne til å framstille eit innhald/stoff i ei skjønnlitterær form.
Lånekassen
Bortsett frå ei semesteravgift på 1750,- for kopiering og medlemskap i Studentsamskipnaden i Bergen, kostar undervisninga ved årsstudiet på Skrivekunstakademiet ingenting. Studentar som er tatt opp til studiet har rett på lån og stipend i ni månadar frå Lånekassen.
Søknad og søknadsfrist
Fristen for å søke er xx. april kl. 23.59. Søknadsskjema blir lagt ut her i god tid før fristen.
Den vedlagde teksten skal vere i pdf-format med nummererte sider og med fullt navn på første side. Vi ønskjer halvannan linjeavstand og 12 punkts skrift.