KONTAKT

Skrivekunstakademiet held til på USF Verftet på Nordnes i Bergen.

Besøks- og postadressen vår er Skrivekunstakademiet, Georgenes Verft 12, 5005 Bergen.

Har du spørsmål om skulen, undervisningstilbodet eller søknadsfristar? Generelle henvendingar kan rettast til kontorfullmektig Eira Søyseth på epost: post at skrivekunst.no

Kontorfullmektig har ikkje faste kontortider, men er til stades på skulen fleire dagar i veka, og svarar på mail så snart ho har høve.

Akademileiar Øyunn Viken kan kontaktast på epost oyunn at skrivekunst.no

Vi tek gjerne imot ny skjønnlitteratur frå forlag! Vi er diverre ikkje omfatta av innkjøpsordninga og har svært begrensa innkjøpsbudsjett. Difor er vi avhengige av gåver for å halde biblioteket oppdatert.