KURSET
Påbyggingskurset er samlingsbasert og består av ei opningsveke på fem dagar, og deretter fire samlingar over tre dagar. Kurset er leia av forfattarane Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug. Arbeidsforma er i hovudsak tekstsamtale: Studentane les kvarandre sine arbeid, og er aktive i plenumsdiskusjonar og samtalar. I undervisninga vert det fokusert på litterære metodar og formtradisjonar, og den teoretiske diskusjonen spring ut av moglegheiter og utfordringar knytt til kvart enkelt manuskript. Spørsmål ein kan arbeide med er til dømes: Kva er dramaturgi, kva er ein forteljar, kva er ei poetisk frase, korleis kan ein komponere eit større, litterært arbeid, korleis møte utfordringar i arbeidet, kva spring dei ut ifrå?
Skrivekunstakademiet tek opp seks deltakarar til påbyggingskurset. Nytt kurs vil ta til hausten 2025. Sjølve kurset er gratis, men kvar deltakar betaler ei kopiavgift på 1350 kroner.
Søknadsfrist for påbyggingskurs 2024–25 er 8. mai kl 23.59.
Søknadsskjema vert lagt ut på nettstaden 8. april.
SØKNADSKRITERIUM
Kurset er meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt. Det er eit krav at søkjaren har gjennomført minst eitt år kreativ skriveutdanning på universitets- eller høgskulenivå (60 studiepoeng) eller har ei eller fleire utgjevingar bak seg.
OPPTAKSGRUNNLAG
Søknad om opptak skal innehalde 10-15 sider tekst, skrive i løpet av dei to siste åra, av skjønnlitterær karakter. Teksten bør vere i tråd med den retninga deltakaren ønsker å arbeide i løpet av året. I tillegg til den skjønnlitterære teksten, skal ein legge ved utfylt søknadsskjema med opplysingar om:
- Personlege data (obligatorisk)
- Tidlegare utdanning (obligatorisk)
- Motivasjon for kurset (obligatorisk)
- Lese- og skriveerfaring, deltaking i lese- og skrivegrupper, redaksjonsarbeid, deltaking i antologiar eller andre publikasjonar, litteraturpedagogisk arbeid eller annan arbeidserfaring frå tidsskrift, forlag o.l. Legg gjerne ved referansar.
SPRÅK
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk blir vurderte på lik linje. Søknadar på andre språk vert ikkje vurderte.
OPPTAKSNEMND OG VURDERING
I nemnda for opptak sit hovudlærarane. I vurderinga til opptaket blir det lagt vekt på søkjarens evne til å framstille eit innhald/stoff i ei skjønnlitterær form.