Etiske retningsliner

Skrivekunstakademiet i Hordaland har formulert retningsliner som gjeld trakassering, vald og rusmiddel. Disse retningslinene er først og fremst preventive, men dei kan òg fungere som rettesnor for handling i einskilde tilfelle.

Trakassering

Skrivekunstakademiet har nulltoleranse for trakassering. Under trakassering kjem seksuell trakassering og mobbing: Når ein eller fleire personar systematisk over tid føler seg utsett for negative handlinger frå ein eller fleire andre personar i ein situasjon der den som er ramma har problem med å forsvare seg mot desse handlingane. Med mobbing tenkjer ein altså spesielt på vedvarande fornedrande og audmjukande åtferd overfor enkeltpersonar.

Seksuell trakassering og mobbing vert sett under eitt, fordi dei ofte vert vurdert parallelt i juridiske samanhengar, til dømes i likestillingslova, der trakassering vert beskrive slik:  ”Med trakassering menes handlinger, unnlatelser eller ytringer som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlige, nedverdigende eller ydmykende. 

Med seksuell trakassering menes enhver form for uønsket seksuell oppmerksomhet som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende, ydmykende eller plagsom.”

Med dette vert det òg tydeleg at når det gjeld seksuell trakassering, så er det trakasseringa som er avgjerande. I seksuell trakassering vert seksualiteten nytta som eit middel til å intimidere eller fornedre andre, trakasseringa kan ha seksuell tilnærming som mål, men er sjikane òg om ho ikkje har det. Med seksuell trakassering tenker ein dermed ikkje berre på direkte fysiske overgrep, men også verbale overgrep, dvs. fornedrande eller utskjemmande tale og seksuelt prega press (td. gjennom meldingar, sosiale medier mm.). Fortsette seksuelle tilnærmingar mot ein person som har markert at denne åtferda er uønskt, vert også rekna som press og dermed trakassering. 

Studentar eller medarbeidarar som er utsette for eller vitne til seksuell trakassering eller mobbing på akademiet eller utøvd av personar tilknytta akademiet, kan melde det til akademileiar, kontorfullmektig (tilsettes representant i LMU) eller akademiets styre. Det vert då akademiets ansvar å setje i gang prosedyre for avklaring av saka, der alle impliserte skal høyrast, og akademiet kan eventuelt nytte sanksjonar overfor den som har utøvd trakassering eller mobbing.

I dokumentet Åtferdspolitikk er stiftinga Skrivekunstakademiets retningsliner for korleis ein bør agere i eit konkret tilfelle av seksuell trakassering eller mobbing meir detaljert beskrive,  også den prosedyra som vil gjelde for ei konkret sak, og akademiets moglege sanksjonar.

Vald og valdeleg åtferd

Skrivekunstakademiet har nulltoleranse for vald og valdeleg åtferd. 

Dersom ein tilsett eller student har vore utsett for eller vitne til vald og/eller valdeleg åtferd på akademiet eller utøvd av ein person med tilknyting til akademiet, bør vedkommande melde det til akademileiar, kontorfullmektig eller akademiets styre. Det vert då akademiets ansvar å setje i gang prosedyre for avklaring av saka, der alle impliserte skal høyrast, og akademiet kan eventuelt nytte sanksjonar over for den som har utøvd vald.

I dokumentet Åtferdspolitikk er Skrivekunstakademiets retningsliner for korleis ein bør agere i eit konkret tilfelle av vald eller valdeleg åtferd meir detaljert beskrive,  også den prosedyra som vil gjelde for ei konkret sak, og akademiets mulige sanksjonar.

Rusmiddel

Stiftinga Skrivekunstakademiet har ei haldning til rusmiddel som skal vere med på å sikre at det på akademiet er medvit om og merksemd mot eventuelle problem blant medarbeidarar og studentar, og å sikre ein rask innsats overfor problema. Følgande grunnleggjande retningsline gjeld for alle: Ein må ikke vere berusa eller påverka av andre rusmiddel i arbeids- eller undervisningstida. 

Dersom ein tilsett eller student tydeleg og til sjenanse for andre bryt denne retningslina, bør andre studentar eller tilsette melde det til akademileiar, kontorfullmektig eller styret, som – i tifelle det er ein akutt situasjon – skal vurdere om det er nødvendig å bortvise vedkommande midlertidig. 

Alkoholinntak på festar og liknande i Skrivekunstakademiets regi må ikkje ha eit omfang som hindrar respektfull omgang med dei andre studentane og medarbeidarane, eller gjestar på akademiet.

I tilfelle av mildare, men gjentakande brudd på retningslinene for rusmiddel bør det meldast til akademileiar, kontorfullmektig eller styret. Då skal akademileiar eller akademiets styreleiar innan få dagar ta ein samtale med vedkommande for m.a. å klargjere om det er tale om eit mogleg misbruksproblem, som treng hjelp. Det kan også bli naudsynt å anvende akademiets moglege sanksjonar, slik dei er beskrivne i Åtferdspolitikk. Grove tilfelle av brudd på retningslinene for rusmiddel vil kunne føre til utvising, mens det i milde tilfelle kan bli tale om periodisk utvising og/eller ei åtvaring med påminning om at gjentaking vil føre til utvising.