Skrivekunstakademiet har fem tilsette i deltidsstillingar: Akademileiar (80%), undervisningsleiar (40%), kontorfullmektig (60%) og tre skrivelærarar (25%). Vi har også knytt til oss fleire forfattarar og litteraturvitarar som held faste kurs kvart år på frilansbasis.
I tillegg har vi kvart år ei rekke gjestelærarar. Du kan sjå ei liste over desse her.
Sivert Nesbø, Akademileiar
Fødd 1982. Forfattar. Har gitt ut fem bøker og ei omsetjng. Debuterte med Skårgangar i 2013. Siste roman Varme og vatn kom i februar 2021, og omsetjinga Framom døden av William Faulkner, kom også i 2021. Utdanna ved Skrivekunstakademiet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Har røynsler fra arbeid som tidsskriftredaktør og manuskonsulent, har jobba som lærar og har brei erfaring frå formidling på kulturfeltet. Styremedlem i Litteraturhuset i Bergen.
Rolf Enger, Undervisningsleiar
Fødd 1960. Forfattar. Debuterte med novellesamlinga Ikke en urmaker i verden i 1989. Har seinare gjeve ut Bronsegutter, noveller (1991), Solformørkelse, roman (1994), Mekhane, essay-roman (1995), Hvis noen skulle være så vemmelige, noveller (1997), Tid og ro, roman (2001) og 1949 e.Kr, noveller (2005). Han har lang erfaring som skrivelærar, har vore bokmeldar i ei årrekke, har arbeidd som journalist og vore tidsskriftredaktør.

Tormod Haugland, skrivelærar
Fødd 1962. Forfattar og førsteamanuensis i skapande skriving. Utdanna ved Skrivekunstakademiet og cand.art. med hovudfag i grafisk illustrasjon ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen. Debuterte med romanen Under i 1994. Har sidan gjeve ut bøker i ulike sjangrar, som dikt, noveller, essay og skodespel, med romanen som hovudsjanger. Siste bok er romanen Om livet på jorda (2021), som saman med Om dyr og syn (2017) og Om søvn og mørke (2019), er del av ein serie med sjølvbiografiske fiksjonar. Forfattarskapen til Haugland inneheld også ei mengd skjønnlitterære småhefte, publisert på Severina Sars Museum, eit miniforlag han driv saman med biletkunstnaren Annette Kierulf. Akademileiar ved Skrivekunstakademiet 1998-2008. Haugland var festspeldiktar i Bergen i 2021.

Morten langeland, skrivelærar
Fødd 1986. Forfattar. Utdanning frå mellom anna Skrivekunstakademiet, Litterär Gestaltning i Göteborg og har ein MFA frå Kunstakademiet i Oslo. Debuterte med diktsamlinga Æ æ å (2012, Kolon Forlag), har sidan gjeve ut fire diktsamlingar, ein kortprosasamling og to romaner, seinast Fifty/fifty (Flamme Forlag, 2022). Han mottok Stig Sæterbakkens Minnnepris i 2016 og Sultprisen i 2021. Forutan å vere skjønnlitterær forfattar og lærar, skriv Langeland jamleg kritikk i Klassekampens Bokmagasin, og han inngår som ein del av redaksjonen til forlaget H//O//F.

Eli fossdal Vaage, skrivelærar
Fødd 1984. Forfattar. Debuterte med diktsamlinga Hekla myter i 2014, i 2019 kom diktsamlinga Estalåni og i 2021 kom novellesamlinga Grå hoppe. Er tidlegare student ved Skrivekunstakademiet, og har ein mastergrad i Allmenn Litteraturvitskap frå UiB. Har i mange år arbeidd som journalist i ulike redaksjonar i NRK, og har vore publisert i fleire tidsskrift. Lagar podcast for Barnebokkritikk.no.

eira søyseth, kontorfullmektig
Fødd 1991. Eira er utdanna litteraturvitar med ein master frå UiB, og ho tok årsstudiet på SKA i 2017-18. Ho debuterte skjønnlitterært i Signaler 2020, og har gjendikta Mette Moestrup si nyaste diktsamling, med den norske tittelen Til den skjønneste. Debutdiktsamlinga Farget flekket nå kom ut i 2022.

gunnhild øyehaug, skrivelærar på påbyggingskurset
Fødd 1975. Forfattar, cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap ved UiB og førsteamanuensis i skapende skriving. Debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. Andre utgjevingar er Knutar, noveller (2004), Stol og ekstase, essays og noveller (2006), Vente, blinke, roman (2008), Undis Brekke, roman (2014), Kvinner i for store herreskjorter, filmmanuskript (2015), Draumeskrivar, noveller (2016), Miniatyrlesingar, essay (2017), Presens Maskin (2018), Vonde blomar, noveller (2020). Har elles publisert ei rekkje skjønn- og faglitterære tekstar i ulike tidsskrift og antologiar, og gjendikta frå fransk. Øyehaug var medredaktør i tidsskriftet Kraftsentrum. Har røynsler frå arbeid som spaltist og litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen, medredaktør i Vagant, samt arbeidd som forlagskonsulent. Ho har vore knytt til ulike undervisnings- og læringsprosjekt, og vore knytt til allmenn litt.vit, UiB, som kollokvieleiar og sensor.

gunnar wærness, skrivelærar på påbyggingskurset
Fødd i 1971. Wærness er forfatter, gjendikter og kabarettartist. Wærness debuterte i 1999 med diktsamlingen Kongesplint, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Han har siden utgitt samlingene Takk (2002), Hverandres (2006), Bli verden (2007), Tungen og tåren (2013), Venn med alle (2018) og Å skrive er å be om for mye (2020). For Venn med alle blei Wærness nominert til Brageprisen. I 2010 redigerte han antologien Verden finnes ikke på kartet i samarbeid med Pedro Carmona-Alvarez. Saman med Henrik Skotte utgjer han kunstnarduoen Brødet og Eselet, som utga boken Del likt i 2017.