Ledige stillingar som skrivelærar på skrivekunstakademiet

Vi lyser ut følgande tre stillingar:

To stillingar som skrivelærar på årsstudiet i skapande skriving (25%)

Ei stilling som fast skrivelærar på påbyggingskurset i skapande skriving (30%)

Til alle stillingane søkjer vi ein skjønnlitterær forfattar med røynsle frå undervisning i skapande skriving. Stillingane er faste deltidsstillingar og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterær praksis. Undervisninga er delt inn i fleire kortare periodar, der tekstverkstad med lesing og respons, og meir teoretisk undervisning vil inngå. Stillinga inkluderer også eit fast tal møtedagar, og det vil såleis vere ein føresetnad med bustad i bergensområdet. Løn etter avtale. Kvinner vert oppmoda til å søkje.

Søknadsfrist: 7. mai 2021. Finn-annonsa er her

For spørsmål om stillingane, ta kontakt med akademileiar Sivert Nesbø på sivert@skrivekunst.no eller 930 91 209.