SØKNADSFRIST FOR PåBYGGINGSKURSEt er 14.mai 23.59

Påbyggingskurset består av fire samlingar over tre dagar, ei individuell rettleiing, samt ei vekesamling på slutten av kurset. Kurset 2020/21 er leia av Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug. I undervisninga fokuserast det på litterære metodar og formtradisjonar: Korleis tenker ein fram eit litterært arbeid? Korleis tenker ein dramaturgisk? I tillegg blir det lagt stor vekt på nærlesing, for på denne måten å ta tak i kvart manuskripts utfordringar på dess eigne premissar. Mentorane som les og rettleiar studentane er sjølve forfattarar. Studentane les kvarandre sine arbeid, er aktive i plenumsdiskusjonar og samtalar. Skrivekunstakademiet tek opp seks studentar til påbyggingskurset. Nytt kurs vil ta til hausten 2021. Sjølve kurset er gratis, men kvar deltakar må betale ei kopieringsavgift på 1350 kroner.

SØKNADSKRITERIUM

Studiet er meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt. Det er eit krav at søkjaren har gjennomført minst eitt år kreativ skriveutdanning på universitets-/høgskulenivå (NB: ikkje folkehøgskule/dansk højskole), eller har ei eller fleire utgjevingar bak seg.

OPPTAKSGRUNNLAG

Søknad om opptak skal innehalde 10-15 sider tekst, skrive i løpet av dei to siste åra, av skjønnlitterær karakter. Teksten bør vere ein del av det arbeidet studenten vil konsentrere seg om på kurset. I tillegg til den skjønnlitterære teksten, skal ein legge ved utfylt søknadsskjema med opplysingar om:

  • Personlege data (obligatorisk)
  • Tidlegare utdanning (obligatorisk)
  • Motivasjon for studiet (obligatorisk)
  • Lese- og skriveerfaring, deltaking i lese- og skrivegrupper, redaksjonsarbeid, deltaking i antologiar eller andre publikasjonar, litteraturpedagogisk arbeid eller annan arbeidserfaring frå tidsskrift, forlag o.l. Legg gjerne ved referansar.

SPRÅK

Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk blir vurderte på lik linje. Søknadar på andre språk blir ikkje vurderte.

OPPTAKSNEMND OG VURDERING

I nemnda for opptak sit hovudlærer og fast gjestelærar. I vurderinga til opptaket blir det lagt vekt på søkjarens evne til å framstille eit innhald/stoff i ein skjønnlitterær form.

Søknadsfrist for Årsstudium i skapande skriving 2021/22 er 6. april kl. 23.59

No nærmar det seg søknadsfrist for opptak for Årsstudium i skapande skriving 21/22! I år har vi ein digital søknad for fyrste gong, men krava er dei same. Du søkjer på Skrivekunstakademiets årsstudium med 10-15 sider nyskreven tekst (skreve i løpet av dei siste to åra). Meir informasjon om korleis søkje, finn du rett under her. Om du har nokre spørsmål, så send dei til post@skrivekunst.no.

Ny akademileiar

Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss

Sivert N. Nesbø tek over som akademileiar ved Skrivekunstakademiet!

Styret i Skrivekunstakademiet har vedtatt å tilsette Sivert N. Nesbø som etterfølgar til Øyunn Viken, som har vore akademileiar sidan 2010. «I Nesbø har vi fått ein initiativrik og kompetent akademileiar som vil sjå til dei andre skriveskulane i Skandinavia når det gjeld praksis og tilnærming til skriving og offentlegheit», seier styreleiar Børge Lunde.

Sivert N. Nesbø (38) er forfattar og redaktør. Han har gjeve ut fem bøker, sist Varme og vatn som kom på Tiden Norsk Forlag i januar. Han har vore tidsskriftredaktør og manuskonsulent, er utdanna innan kultur- og samfunnsfag, og har arbeidd som lærar. «Eg ser fram til å byggje vidare på det gode arbeidet som har vorte gjort på Skrivekunstakademiet dei siste åra», seier Nesbø. «Skrivekunstakademiet sitt stoff er kunstnarleg språk og tenking, og den retninga eg vil ta SKA i, må ta utgangspunkt i dette». Nesbø, som sjølv har gått på Skrivekunstakademiet, er tilsett for ein åremålsperiode på seks år. «Eg er oppteken av offentlegheita skrivande verkar i. Å skrive er å våge å vere ein som tek plass. Korleis kan ein førebu studentane på eit liv som skrivande?» 

Nye nettsider

Skrivekunstakademiet får nye nettsider i januar–februar. Medan ombygginga pågår, vil noko informasjon vere utilgjengeleg, og ikkje alle lenkjer vil virke (omtrent som før, med andre ord).

Kontakt oss om du har spørsmål om skulen eller studietilbodet.

Ledig stilling som akademileiar

Skrivekunstakademiet vart stifta i 1985 og driv undervisning i skapande skriving. Akademiet er ei sjølvstendig stifting finansiert av Vestland Fylkeskommune. Administrasjon og fagmiljø er sett saman av 6-8 personar, alle i deltidsstillingar, i tillegg gjer ein nytte av omlag 20 gjestelærarar i løpet av eit studieår.

Vi har ledig åremålsstilling (6 år) som akademileiar.

Stillinga er på 80 %, med muligheit for justering. Akademieleiar er direkte underordna styret og har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for drifta av stiftinga Skrivekunstakademiet. Arbeidet omfattar mellom anna utdanningspolitisk arbeid, utvikling av studietilbod, oppfølging av planar og budsjett, årsmelding og rekneskap og ansvar for dei tilsette. Det er også ynskjeleg at akademileiar er ein del av fagmiljøet og kan påta seg undervisning.

For tida driv akademiet Årsstudium i skapande skriving, eit eittårig skrivestudium (tolv studentar) på høgskulenivå (60 studiepoeng). Studiet er akkreditert av NOKUT og vidareutviklinga av dette, samt akkreditering og vidareutvikling av påbyggingskurset, vil stå sentralt i arbeidet framover.

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik person med fagkompetanse frå litteraturfeltet og med evner til strategisk og administrativt arbeid, som ynskjer vere med og utvikle Skrivekunstakademiet framover. Vi vil leggje vekt på følgjande kvalifikasjonar:

# God kjennskap til skjønnlitteratur

# Evt. forfattarskap, både skjønnlitterær og faglitterær

# Kontaktskapande eigenskapar og samarbeidsvilje

# Leiar- og administrasjonserfaring

Administrasjonsmålet til Skrivekunstakademiet er nynorsk. Arbeidsstad er Bergen. Løn etter avtale. Kvinner og personar med minoritetsbakgrunn vert oppfordra til å søkje. Oppstart 1. mars.

Søknadsfrist: 15. januar 2021.  Send søknad med CV til epost eller Skrivekunstakademiet, Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med styreleiar Børge Lunde, tlf. 905 25 852, eller akademileiar Øyunn Viken, tlf. 412 06 857 el. epost.