Ny akademileiar

Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss

Sivert N. Nesbø tek over som akademileiar ved Skrivekunstakademiet!

Styret i Skrivekunstakademiet har vedtatt å tilsette Sivert N. Nesbø som etterfølgar til Øyunn Viken, som har vore akademileiar sidan 2010. «I Nesbø har vi fått ein initiativrik og kompetent akademileiar som vil sjå til dei andre skriveskulane i Skandinavia når det gjeld praksis og tilnærming til skriving og offentlegheit», seier styreleiar Børge Lunde.

Sivert N. Nesbø (38) er forfattar og redaktør. Han har gjeve ut fem bøker, sist Varme og vatn som kom på Tiden Norsk Forlag i januar. Han har vore tidsskriftredaktør og manuskonsulent, er utdanna innan kultur- og samfunnsfag, og har arbeidd som lærar. «Eg ser fram til å byggje vidare på det gode arbeidet som har vorte gjort på Skrivekunstakademiet dei siste åra», seier Nesbø. «Skrivekunstakademiet sitt stoff er kunstnarleg språk og tenking, og den retninga eg vil ta SKA i, må ta utgangspunkt i dette». Nesbø, som sjølv har gått på Skrivekunstakademiet, er tilsett for ein åremålsperiode på seks år. «Eg er oppteken av offentlegheita skrivande verkar i. Å skrive er å våge å vere ein som tek plass. Korleis kan ein førebu studentane på eit liv som skrivande?»