Temakveld med Thure Erik Lund

Thure Erik Lund har vore gjestelærar på Skrivekunstakademiet, og skal i kveld halde eit foredrag om korleis ein kan eller skal skrive ein roman. Vi gler oss!

Thure Erik Lund (fødd i 1959) debuterte i 1992 med «Tanger», som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Sidan har han gitt ut 18 romanar og essaysamlingar og har vunne Sultprisen, Kritikerprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen. Lunds siste bok er «Vertebrae» som kom i 2023 og som kan lesast som ein frittståande oppfølger til romanen «Identitet» frå 2017.

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E
tidspunkt kl. 19.00 (til ca. 21.00)
Ope for alle.
Gratis inngang.
Temakveldane på Skrivekunstakademiet er støtta av Bergen Kommune og Kulturdirektoratet.