RESPONSKURS MED TORMOD HAUGLAND 25. & 26. FEBRUAR

Dette intensive helgekurset er eit tilbod for deg som saknar grundig lesing av dei skjønnlitterære tekstane dine, og som vil erfare korleis tekstgjennomgang kan føregå på akademiet, saman med elleve andre. 

Det neste responskurset med forfattar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet, Tormod Haugland vil finne stad 25. og 26. februar 2023. Søknadsfrist er 3.februar 2022 kl. 23.59. Søknadsskjemaet finn du her, eller i lenka over.

Fleire av deltakarane som har vore med på responskurset, har seinare komne inn på Skrivekunstakademiet og andre skriveskular. Du søkjer med inntil seks sider med tekst i sjølvvald sjanger. Det kan vere ein eller fleire tekstar, avslutta eller utdrag frå noko større. Kurset har 12 plassar.

Søknadstekstane til dei som får plass vert så kopierte og sendt ut til kvar kursdeltakar for gjennomlesing i forkant av kurset. Under dei to dagane kurset varer, vert kvar deltakar sin tekst/tekstar gjennomgått i plenum. Alle tek del i tekstsamtalen. Kurset kostar 2500 kr, og finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft i Bergen.

Foto: Helge Skodvin