TEmakveld med blomster & bureau


Det ritualistiske skrivekollektivet og småforlaget Blomster & Bureau består av Eli Fossdal Vaage, Siri Katinka Valdez, Aina Villanger, Ane Nydal og Silje Fagerlund. Dei er alle tidligare studentar på Skrivekunstakademiet.

Torsdag 10.11.22 klokka 19.00 vil representanter frå byrået presentere Blomster & Bureau og kva dei arbeider med, og eit pelskledd sendebod dukker opp via eteren med meir informasjon om BB. Det vil bli satt av tid til spørsmål og svar. Og muligheit for å kjøpe bøker. 

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, der det også vil bli mogleg å samtale med forfattaren. Grip sjansen til å få møte Blomster & Bureau!