Debutantfest!

Torsdag 26. november arrangerer vi debutantfest saman med Litteraturhuset i Bergen. Vi inviterer til ein kikk inn i debutantane si verd. Kva tenker dei om å debutere som skjønnlitterær forfattar, om sin eigen skrivemåte og inspirasjonskjelder til så vel tematikk som litterær stil? 

Møt debutantane i samtale med kveldens programleiar, forfattar Olaug Nilssen! Det vil i tillegg bli opplesing av debutantane sjølve. Dei ni debutantane er: Sarah Adekoya, Mario Araya, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kajsa Bøyum, Remi Skytterstad, Oda Sporsheim, Sigurd Stranda, Sigrid Strømmen og Mathilde Øverland.

Tid: torsdag 26. november kl. 19:00
Stad: Olav H. Hauge, Litteraturhuset i Bergen
Billettar: her