
Tone Hødnebø har i ei årrekke gjendikta årets nobelprisvinnar, Anne Carson, til norsk. I desember kjem ho til Skrivekunstakademiet for å halde kurs i gjendikting for studentane våre, og vi nyttar sjansen til å invitere til temakveld med Hødnebø!
Denne kvelden får du eit gyllent høve til å høyre Hødnebø halde føredrag om å gjendikte Anne Carson, med utgangspunkt i Albertine-økt, som kom på norsk i haust. Her er det berre å notere seg datoen med éin gong!
Tone Hødnebø debuterte med diktsamlinga Larm i 1989, og har gjeve ut seks diktsamlingar og ein poetikk. Ho har gjendikta et utvalg av Emily Dickinsons dikt, Skitne lille hjerte (1995) og fem utgjevingar av nobelprisvinnaren, Anne Carson.
Ho har òg vore medredaktør i tidsskriftet Vagant (1990-95), og vore fast gjestelærar både på Skrivekunstakademiet og ved forfatterutdanninga i Bø. I tillegg har ho vore rettleiar og ad. professor ved Litterær Gestaltning ved Universitetet i Göteborg.
Anne Carson, født 1950 i Toronto i Canada, er blant Nord-Amerikas fremste samtidspoetar. Ho er òg professor i klassiske studier, essayist og oversetjar frå latin og gresk. Anne Carson har motteke ei rekke prisar og utmerkingar for sitt høgst originale forfattarskap, og no sist, altså, Nobelprisen i litteratur 2026.
Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.
Tid: tysdag 1. desember, kl. 19:00
Stad: Skrivekunstakademiet sine lokale, Georgernes Verft 12, inngang E.
Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle.