TEMAKVELD MED KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD

Kjersti Annesdatter Skomsvold er gjestelærar på romankurset vårt i haust, og i det høvet inviterer vi til temakveld med henne!

Skomsvold er aktuell med Jeg skriver for å bli et menneske, ei bok som spring ut av litterære samtalar ho har hatt med nokre av dei viktigaste forfattarane i vår tid. Gjennom essays og refleksjonar undersøker ho korleis lesing, skriving og møte med andre menneske formar både livet og litteraturen. 

Denne kvelden vil ho snakke om kva det vil seie å skrive sant, om korleis skrivinga kan endre oss, og om korleis erfaringar frå livet finn vegen inn i litteraturen. 

Kjersti Annesdatter Skomsvold debuterte i 2009 med romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, som ho fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for. Boka vart òg nominert til Bokhandlerprisen, P2-lytternes romanpris og kortlista til Dublin Literary Award 2013.

Seinare har ho gjeve ut både diktsamlingar, barnebøker og fleire romanar, og er ein av våre mest kritikerroste forfattarar. I 2015 vart Skomsvold tildelt Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.

Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.

Torsdag 12. november kl. 19:00

Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle.