All posts by skrivekunst

Temakveld med Casper André Lugg 14. september

Casper André Lugg kjem til Skrivekunstakademiet 14. september for å snakke om poesi og om «relasjonsbegrepet» i poesien, med hovudvekt på naturrelasjonen. 

Casper André Lugg er ein av våre sterkaste og tydelegaste unge lyrikarar. Hans dikting har en særleg stemthet mot naturen og mennesket i naturen. Hans åttande diktsamling de minste bærer vann og ei attdikting av Ann Jäderlund blei gitt ut i fjor.

Casper André Lugg er fødd i 1985 og bur på Manstad. Han debuterte med diktsamlinga Lite rekviem (2011) og i 2015 kom Dagene er som gress. For desse blei han tildelt Bokhandelens forfatterstipend. Sidan har han utgitt dei kritikerroste samlingene Nymånedagene (2016) og Det store svaet (2017), Tilgi det virkeliges blomstring (2018), Mariabiotopene (2020) og sted for løpende hjerte (2021).

Temakveldane på Skrivekunstakademiet er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme. Det vert òg mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E. Sal av drikke.

Opptaket til Skrivekunstakademiet 23/24

Opptaket til Skrivekunstakademiet 23/24 er ferdig!

Årets studentar til årsstudium i skapande skriving 23/24 er:

Kaja Jørgensen
Frederikke Degnbol
Karen Berge
Leif Henrik Hoøen
Magnus Wold
Vilde Steenfeldt-Foss
Tobias Trane Tellefsen
Mathias Teigen Refsnes
Oda Alexandra Standberg Sporsheim
Agnes Onshus Grønn
Embla Eskilt Hagalisletto
Frida Maria Agger Holdensen

Årets studentar til påbyggingskurset 23/24 er:

Kajsa Bøyum
Lina Nilsson Ågren
Silje Marie Waaktaar Åsheim
Ylva Østby Berger
Malou Stålmann
Luca Engberg Talamona

Vi ser fram til eit nytt skuleår!

SOMMARKURS 19.- 22. JUNI

Sommarkurset går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønskje om å utvikle seg litterært. Kurset vert halde i Skrivekunstakademiet sine lokale på Verftet. Kurset vil i 2023 vere frå 19-22. juni. Kursleiarane for i år er Pedro Carmona-Alvarez og Julie Stokkendal. Kurset koster 4000 kroner.

Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Vi tek inn inntil 12 søkjarar. Her er det digitale søknadsskjemaet

Pedro Carmona-Alvarez er norsk forfattar og musikar, busett i Bergen. Han har ei brei erfaring som skrivelærar og har vore tilknytta Skrivekunstakademiet som lærar både på årsstudiet og som hovudlærar på påbyggsåret frå start fram til 2020. Carmona-Alvarez debuterte med diktsamlinga Helter, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Hans siste utgiving er diktsamlinga Dobbeltliv, som kom ut i fjor.

Julie Stokkendal er forfattar og omsetjar, utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho debuterte i 2019 med romanen Dagene, og i fjor kom prosateksten Drømmelaboratoriet ut. Ho har omset Yahya Hassan si bok Yahya Hassan 2 (2020) og Nanna Storr-Hansens tre fyrste diktsamlingar (Spetakel, Mimosa, Lyngtarm).

SØKNADSFRIST FOR PÅBYGGINGSKURS ER 8. MAI KL 23.59

Søknadsfrist for påbyggingskurset til Skrivekunstakademiet er måndag 8.mai kl 23.59! Med Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug som lærarar, er studiet meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt. Sjå meir info om korleis ein søkjer her

Temakveld med UKON – Litteratur som minne och algoritm


Den svenske poeten og psykoanalytikeren Ulf Karl Olov Nilsson er gjestelærar på Skrivekunstakademiet no i april, og vi er så heldige at vi også kan invitere til ein temakveld på akademiet, der UKON skal helde eit føredrag med tittelen «Litteratur som minne och algoritm».

Temakveldane på Skrivekunstakademiet er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme. Det vert òg mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E. Sal av drikke.

Foto: Maja Kristin Nylander