Den kjære akademileiaren vår, Sivert Nesbø, er innstilt som ny leiar i Den Norske Forfatterforening. Vi kan ikkje sjå for oss ein betre kandidat til den jobben og ønskjer han til lukke og lukke til!
Men dette vil òg sei at vi er på leit etter ein ny leiar for Skrivekunstakademiet. Stillingsutlysinga litt ute på finn.no. Er det deg vi ser etter? Eller kjenner du nokon som er ein god kandidat? Søknadsfrist 15.02.26.
Aina Villanger er gjestelærar på vårens kurs i metode og prosess, og i det høvet inviterer vi til temakveld på akademiet. Torsdag 22.01.26 kjem Villanger for å prate om skrivinga som ein stad for utprøving, og de vil òg få høyre henne lese frå sitt splitter nye prosjekt!
Aina Villanger debuterte i 2012 med diktsamlinga Langsang til strålande mottaking. I 2019 fekk ho Stig Sæterbakkens minnespris for debuten, samt dei påfølgjande diktsamlingane Baugeids bok (2017) og Nattnød (2019). I 2021 kom den lyriske forteljinga Onkel Arne og månen. Diktsamlinga Begynnelsen er nær, som kom hausten 2024, er den seinaste utgjevinga hennar.
Stad: akademiet sine lokale på Georgernes verft 12. Inngang E. Tid: Torsdag 22. januar, kl. 17:00 Gratis inngang. Sal av øl og vin.
Vi byrjar tidleg denne gongen slik at dei som vil rekk arrangementet om poesiåret 2025 på Litteraturhuset klokka 19:00.
Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.
Tradisjonen tru vert det responskurs med Tormod Haugland i 2026 òg!
Har du ein diktar i magen, ein roman på dataen eller notatbøker fulle av tekstbrokkar? Då er dette kurset for deg. Kurset har 12 plassar og alle deltakarane les kvarandre sine tekstar i forkant av kurset. Over dei to dagane, 28. februar og 1. mars, vil alle få respons på teksten sin, både frå Tormod og dei andre kursdeltakarane. Kurset er eit fint møtepunkt for å snakke om tekst og skriving med andre som er interessert i det same.
Mange som går responskurset søkjer seg seinare vidare til årsstudiet vårt.
Søknadsfrist er 28. januar og søknadsskjema vert lagt ut her i byrjinga av veke 2.
I haust er Kjersti Annesdatter Skomsvold gjestelærar på kurs i lengre prosa hos oss og torsdag 13. november kl. 19:00 treff ho forfattar og skrivelærar Tormod Haugland til samtale om sin siste roman, Hun er levende. Elises bok.
I romanen byrjar Skomsvold å dikte fram si eiga oldemor, som vart fødd i 1880. Hun er levende. Elises bok er den første boka i ein planlagt kvartett om forfattaren sine formødrer.
Skomsvold debuterte i 2009 med romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, som ho fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for. Boka vart òg nominert til Bokhandlerprisen, P2-lytternes romanpris og kortlista til Dublin Literary Award 2013.
Seinare har ho gjeve ut både diktsamlingar, barnebøker og fleire romanar, og er ein av våre mest kritikerroste forfattarar. I 2015 vart Skomsvold tildelt Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.
Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.
Tid: torsdag 13. november kl. 19:00 Stad: Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12, Inngang E.
Skrivekunstakademiet er 40 år i år og dette må feirast! Vi har laga jubileumsantologi og 28. oktober fyller vi Sardinen med gode folk og held fest. Det vert antologislepp, opplesingar, helsingar og andre innslag. Vi kjem med meir informasjon etter kvart, men enn så lenge bed vi dykk halde av kvelden så de kan feire med oss!