LÆRINGSUTBYTTEBESKRIVING

Norsk kvalifikasjonsrammeverk for høgare utdanning (NOKUT)

Læringsutbytte ved endt Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (minstemål).

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

KUNNSKAP

Kandidaten

  • har utvikla skriveevnene sine med tanke på skjønnlitterær forfattarskap. Kandidaten har opparbeidd seg bred kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess som har relevans også i høve til arbeid innan andre litteratur- og tekstorienterte yrke.
  • har  kunnskap om litteratur, litterære tradisjonar, om litteraturens eigenart, også innan andre språkområde og periodar.
  • har gjennom innføring i litteraturteori og -historie god kjennskap til litteraturens plass i samfunnet.
  • kjenner til sjangerlære, teori og estetikk, hovudsakleg knytt til hovudsjangrane lyrikk, kortprosa/npvelle og roman, men også i relevante sjangrar som essayistikk og dramatikk.
  • har gjennom sjølvstudium lært å fokusere fullt ut på eige skrive- og lesearbeid, har kunnskap til ein forfattar sitt virkefelt, vilkår og arbeidstilhøve, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet.
  • har utvikla kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar.
  • har via opplesingesarrangement, arbeid med publikasjonar, omsetjingsarbeid og skriving/framføring av essay/føredrag fått innføring i og arbeidd med formidling av litteratur/kunst/kultur

DUGLEIK

Kandidaten

  • kan utforske og eksperimentere med skjønnlitterær skriving.
  • har praktiske evner til lesing og skriving innan ulike litterære sjangrar.
  • har deltatt i litteraturestetiske diskusjonar, og evner å gå i dialog med andre estetiske fagområde.
  • har gjennom konkrete skriveoppgåver ferdigheiter i å nytte nytte litteratur- og sjangerteori på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe velgrunna valg.
  • kan arbeide fram sjølvstendig produserte tekstar.
  • kan reflektere over eigen tekstproduksjon og justere denne under rettleiing.
  • har gjennom arbeidet med essaysjangeren, knytta til deleksamen, arbeidd med å finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og framstille dette skjønnlitterært slik at det belyser ei problemstilling.
  • har utvikla evna til å vurdere og kommentere tekstar ved hjelp av relevante faglege verktøy, og teknikkar.
  • har gjennom plenumsarbeid, individuell rettleiing og faglærars input utvikla skjerpa sans for litterær kvalitet.
  • har ved hjelp av innsikt og evne til å nytte grunnleggjande litterære omgrep lært seg å analysere ein tekst og ved hjelp av relevante uttrykksformer kunne gje uttrykk for korleis den er bygd opp og kva innhald den har.
  • evner å  formidle litteratur/kunst/kultur for eit allment publikum.

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

  • har innsikt i bok- og publikasjonsbransjen.
  • har innsikt i problemstillinger knytt til opphavsrett og tekstproduksjon.
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, muntleg.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
  • kjenner til nytenkning og innovasjonsprosesser .