Årsstudium i skapande skriving (60 stp.) er eit fulltidsstudium over to semester, haust og vår, og gjev i hovudsak undervising i skriving og lesing av prosa og poesi. Studiet høver for deg som vil bli forfattar eller ynskjer å fordjupe deg i skriving og tekstlesing ut frå personlege eller yrkesmessige grunnar. Studiet byggjer på ein modell der ein vekslar mellom undervisning (60%) og sjølvstudium (40%). Undervisninga er obligatorisk og finn stad i Bergen.
Studiet høver for den som vil utvikle skriveevner med tanke på skjønnlitterær forfattarskap, eller opparbeide kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess i høve til arbeid innan journalist- og mediefag, forlagsverksemd, litteraturkritikk og -formidling.
Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Framfor å halde fram ein særskilt modell for skrivinga, tek ein utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med respekt for den einskilde si uttrykksform.
Søknadsfrist for studieåret 26/27 er 1. april 2026 kl 23.59.
Søknaden er digital og søknadsskjema blir lagt ut her 2. mars 2026.
Utdjupande informasjon om årsstudiet, samt krav til søkjarar og studentar som er tatt opp, finn du i:
Skrivekunstakademiet nyttar seg av ei rekkje gjestelærarar. Ei oversikt over lærarkreftene våre dei siste åra, finn du under tilsette og gjestelærarar og temakveldar.