Oppdrift: om tidsskrift og småforlag

Skrivekunstakademiet og Tekstallianse ønskjer velkommen til eit møte med nokre av byens forfattarar og redaktørar på Tekstallmenningen onsdag 29. april, kl. 18:00.

Vi har invitert dei til å fortelje om arbeidet sitt og kva tidsskrift, fanziner og småforlag har hatt å seie for dei, korleis tekstar skrive for mindre format kan bli forløysande og retningsgjevande for eit forfattarskap, redaktørens arbeid med å utvikle tekstar og skribentar, og erfaringar med å starte opp eit eige tidsskrift eller forlag.

Eit gjennomgangstema er òg dei fellesskapa som er viktige rundt skriving og lesing.

Kveldens gjestar:
Eira Søyseth, poet og initiativtakar til og redaktør for Blekk
Martin Årseth, journalist og redaktør for Syn og Segn
Laia Núñez Sebastià og Soledad Marambio Castro, forleggjarar og redaktørar i Les Bones Dones

Arrangementet byrjar klokka 18 og varar i en time. Etterpå vert det mingling og forfriskingar fram til kl. 20.

Stad: Tekstallmenningen, Markeveien 4 B, 5012 Bergen

Gratis og ope for alle!