SOMMARKURS 19.- 22. JUNI

Sommarkurset går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønskje om å utvikle seg litterært. Kurset vert halde i Skrivekunstakademiet sine lokale på Verftet. Kurset vil i 2023 vere frå 19-22. juni. Kursleiarane for i år er Pedro Carmona-Alvarez og Julie Stokkendal. Kurset koster 4000 kroner.

Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Vi tek inn inntil 12 søkjarar. Her er det digitale søknadsskjemaet

Pedro Carmona-Alvarez er norsk forfattar og musikar, busett i Bergen. Han har ei brei erfaring som skrivelærar og har vore tilknytta Skrivekunstakademiet som lærar både på årsstudiet og som hovudlærar på påbyggsåret frå start fram til 2020. Carmona-Alvarez debuterte med diktsamlinga Helter, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Hans siste utgiving er diktsamlinga Dobbeltliv, som kom ut i fjor.

Julie Stokkendal er forfattar og omsetjar, utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho debuterte i 2019 med romanen Dagene, og i fjor kom prosateksten Drømmelaboratoriet ut. Ho har omset Yahya Hassan si bok Yahya Hassan 2 (2020) og Nanna Storr-Hansens tre fyrste diktsamlingar (Spetakel, Mimosa, Lyngtarm).