All posts by skrivekunst

sommarkurs med maria navarro skaranger og gunnar wærness

Sommarkurset går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønskje om å utvikle seg litterært. Kurset vert halde i Skrivekunstakademiet sine lokale på Verftet. Kurset vil i 2022 vere frå 27-30. juni. Kursleiarane er Maria Navarro Skaranger og Gunnar Wærness, og kurset koster 4000 kroner.

Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Vi tek inn inntil 12 søkjarar.

Søknadsfrist er 20. mai 23.59 og du søkjer her

Foto: Gunnar Wærness – Eva Lene Gilje Østensen

Maria Navarro Skaranger – Io Sivertsen

Temakveld med tomas espedal

Kva tenkjer Tomas Espedal om det å skrive, det å lese? Fredag 25. mars kjem Espedal til Skrivekunstakademiet for å halde eit føredrag om sin eigen skrive- og lesepraksis.

Tomas Espedal er fødd i Bergen i 1961 og har sidan han debuterte i 1988 gjeve ut 15 bøker. Hans seinaste utgjeving er Elsken frå 2018.

Temakveldane på Skrivekunstakademiet er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme. Det vert òg mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E. Sal av drikke. Foto: Jakob Dall

Temakveld med kristin vego

Kristin Vego (f.1991) debuterte i fjor med novellesamlinga «Se en siste gang på alt vakkert», som fekk strålande kritikkar. Ho er nominert til Tarjei Vesaas» debutantpris for boka.

Kristin er dessutan kritikar og medredaktør i litteraturtidsskriftet Vagant og kritikar i danske Dagbladet Information. No kjem ho til Skrivekunstakademiet som gjestelærar på eit kurs i kortare prosa. På temakvelden vil ho mellom anna snakke om eigen skrivepraksis, debutboka, novellesjangeren sine moglegheiter og estetikk og litterære førebilete.

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, der det også vil bli mogleg å samtale med forfattaren.Grip sjansen til å få møte ei av dei nominerte til debutantprisen!Fredag 25.februar kl. 19.00 (til ca. 21.00)

Ope for alle.
Gratis inngang.

Foto av Kristin Vego: Erika Hebbert

nye stemmer frå skrivekunstakademiet

Kom og sjå studentane på Skrivekunst på LitfestBergen!


Kva held dei eigentleg på med ute på Skrivekunstakademiet, på forfattarutdanninga der? Møt årets studentar på LitfestBergen når Skrivekunstakademiet inviterer til ein time i det performative rommet. Årets studentkull les nyskrivne tekstar og byr på eit eksklusivt møte med framtidas unge forfattarar.

Laurdag 12. februar kl. 18.00 i Boksalongen med gratis inngang.

Studentane som skal lese er

Marita Algrøy, Marthe Bleu, Jens-Emil Thunold Furu, Hanna Louise Grønneberg, Johan Lindvall, Astrid Olling, Amanda Bjørnvall Olsen, Mette Paust-Andersen, Maja Liisberg Poulsen, Levina Storåkern og Fredrik Vågenes.

Meir info her

responskurs med tormod haugland 26. & 27. februar 2022

Dette intensive helgekurset er eit tilbod for deg som saknar grundig lesing av dei skjønnlitterære tekstane dine, og som vil erfare korleis tekstgjennomgang kan føregå på akademiet, saman med elleve andre. Fleire tidlegare responskursdeltakarar har seinare kome inn på årsstudiumet vårt. Kursleiar er forfattar og skrivelærar gjennom ei årrekke, Tormod Haugland. Påmeldingsfrist er 1.februar 2022. Meir info og søknadsskjema finn du her.