
Aina Villanger er gjestelærar på vårens kurs i metode og prosess, og i det høvet inviterer vi til temakveld på akademiet. Torsdag 22.01.26 kjem Villanger for å prate om skrivinga som ein stad for utprøving, og de vil òg få høyre henne lese frå sitt splitter nye prosjekt!
Aina Villanger debuterte i 2012 med diktsamlinga Langsang til strålande mottaking. I 2019 fekk ho Stig Sæterbakkens minnespris for debuten, samt dei påfølgjande diktsamlingane Baugeids bok (2017) og Nattnød (2019). I 2021 kom den lyriske forteljinga Onkel Arne og månen. Diktsamlinga Begynnelsen er nær, som kom hausten 2024, er den seinaste utgjevinga hennar.
Stad: akademiet sine lokale på Georgernes verft 12. Inngang E.
Tid: Torsdag 22. januar, kl. 17:00
Gratis inngang.
Sal av øl og vin.
Vi byrjar tidleg denne gongen slik at dei som vil rekk arrangementet om poesiåret 2025 på Litteraturhuset klokka 19:00.
Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.
Vel møtt!



