
Vi er glade for å ha Kristin Vego tilbake som gjestelærar på akademiet i haust, og i det høvet inviterer vi til temakveld med henne. Vego vil halda føredraget «Jeg skrev det ned før jeg reiste meg og gikk»:
Kva er eg-forteljaren i ein roman?
Kristin Vego fortel om si siste utgjeving, «Sent på dagen» (2024), og om skrivande og snakkande eg-forteljarar i romansjangeren.
Kristin Vego (f. 1991) er ein dansk-norsk forfattar frå Aarhus, busett i Oslo. Ho debuterte i 2021 med novellesamlinga Se en siste gang på alt vakkert. For den mottok ho både Tarjei Vesaas» debutantpris og den prestisjetunge Bogforums debutantpris i Danmark.
I 2024 kom ho med romanen Sent på dagen, som hausta gode kritikkar og som vart trekt fram som ei av årets ti beste bøker i Aftenposten.
Vego har òg tidlegare vore redaktør i tidsskriftet Vagant og kritikar i Dagbladet Information.
Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.
Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.
Torsdag 2. oktober kl. 19:00
Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle.