Sandra Lillebø vert ny akademileiar for Skrivekunstakademiet

Skrivekunstakademiet har i dag tilsett forfattar og journalist Sandra Lillebø (f. 1978) som ny akademileiar. Lillebø vil byrje i stillinga 1. april og tek over etter Sivert N. Nesbø, som har vore leiar sidan 2021.

Sandra Lillebø er ein kritikarrost forfattar og journalist, som i vår er aktuell med si sjette utgjeving, romanen Vera (Oktober forlag), som har motteke strålande meldingar. Lillebø har ein master i filosofi frå Sorbonne og har vore verksam som kritikar og journalist i ei årrekke. Ho har sete i Skrivekunstakademiet sitt styre sidan 2020, og har gått påbyggingskurset i skapande skriving. 

Styreleiar Børge Lunde trekker fram at Lillebø ved sidan av eigen forfattarskap og journalistgjerning har solid erfaring frå litteratur- og kulturformidling innanfor eit breitt spekter av emne. Ho har òg vore sentral i formidlinga av Annie Ernaux sin forfattarskap i Noreg.

Han meiner Lillebø sin kombinasjon av solid forfattarskap, organisatorisk kapasitet, kulturfagleg forståing og kontaktskapande evner gjer henne  til ein svært god kandidat til stillinga.

– Lillebø er godt kjend med landskapet på kulturfeltet, er ei etablert og tydeleg røyst i media gjennom kommentarar og ytringar og har god forståing for gjeldande forvaltningspraksis, seier han. 

Lillebø seier følgande om kvifor ho søkte på stillinga som akademileiar:

– Skrivekunstakademiet er ein av dei viktigaste institusjonane for unge skrivande i Noreg og Norden. Det er umogleg å overvurdere det arbeidet for litteraturen som er lagt ned der dei siste 40 åra, og eg ser det som eit stort privilegium å få lov til å vere med å legge til rette for at dei kommande forfattargenerasjonane skal kunne utvikle kunsten vidare. Det er inga lita oppgåve, og eg har store sko å fylle, så eg er svært glad for den kompetente og erfarne staben som ventar meg i lokala på Verftet. Kursen vidare blir staka ut i samarbeid med dei. 

Den nye leiaren meiner det er ein føremon for Skrivekunstakademiet at det ligg på Vestlandet, men òg ein føremon for Vestlandet at Skrivekunstakademiet ligg nett der. 

– Både kunsten og distrikta er under stort press. Men dei har det felles at båe er nødvendige for eit godt og levedyktig samfunn, og difor er eg optimist. Eg meiner det er på høg tid at politikarane og næringslivet i Bergen og på Vestlandet anerkjenner det gullet Skrivekunstakademiet er for byen og regionen, og trur at det vi får igjen i form av ein levande, attraktiv by ikkje berre gjer at vi har det kjekkare her enn andre stader, men at det også gir inntekter som langt overstig dei offentlege overføringane.

Vi ønsker Lillebø hjarteleg velkommen til oss og gler oss til å samarbeide med henne om vegen vidare!