usfSkrivekunstakademiet i Hordaland driv undervisning innan skjønnlitterær skriving. Vi har opptak ein gong i året, og søknadsfristen er primo april. For meir informasjon, sjå Korleis søkje.

Sleppfest for ny antologi

raakÅrets studentar slepper antologien RÅK fredag 7. juni på Victoria kl. 20. Opplesingar, musikalske innslag og fest. Vel møtt!

Ledig stilling

For ein periode på to år, vert det frå 1. august 2013 ledig ei 25% stilling som skrivelærar. Vi søkjer ein skjønnlitterær forfattar, gjerne med litteraturteoretisk utdanning og røynsle frå skriveundervisning. Stillinga er ei deltidsstilling på 25%, og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterær praksis. Les meir »

Søk sommarkurs!

Sommarkurs er eit intensivt kurs for deg som vil kome i gang med skrivinga, eller treng eit kick til å kome vidare. Sommarkurset blir i år halde på Verftet i Bergen 24.-27. juni, med Mirjam Kristensen og Rolf Enger som kurshaldarar, begge forfattarar og erfarne skrivelærarar. Meir om kurset og korleis du søkjer, finn du her. Søknadsfrist 3. juni.

SØK!

Fristen for å søkje årsstudium nærmar seg! Søknaden må poststemplast seinast 2. april. Nedlastbart søknadsskjema og informasjon om prosedyren, er å finne her.

LyttLittLyd

Skrivekunstakademiet inntek Litteraturhuset! Torsdag 21. mars kl. 20 blir det opplesingar ved årets studentar, Ulf Karl Olov Nilson (UKON) og Erlend O. Nødtvedt i Alver. Etter opplesingane blir det dessutan samtale mellom UKON og Nødtvedt. Fri inngang, ope for alle!