SOMMARKURS

Sommarkurset passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønske om å utvikle seg litterært. Kurset i 2025 vil gå over fire dagar 16.-19. juni. Det kostar 5 000 kroner og vert halde i Skrivekunstakademiet sine lokale på USF Verftet i Bergen.

Kurshaldarar for sommarkurset 2025 er Eli Fossdal Vaage og Aina Villanger.

Eli Fossdal Vaage debuterte i 2014 med diktsamlinga Hekla myter. I 2019 kom Estalåni, den andre diktsamlinga hennar. For desse fekk ho Bokhandelens forfatterstipend. I 2021 kom hennar tredje bok, novellesamlinga Grå hoppe. Fossdal Vaage er fast tilsett som skrivelærar ved Skrivekustakademiet.

Aina Villanger debuterte i 2012 med diktsamlinga Langsang til strålande mottaking. I 2019 fekk ho Stig Sæterbakkens minnespris for debuten, samt dei påfølgjande diktsamlingane Baugeids bok (2017) og Nattnød (2019). I 2021 kom den lyriske forteljinga Onkel Arne og månen. Diktsamlinga Begynnelsen er nær (2024) er den siste boka hennar.

KORLEIS SØKJE
Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Vi tek inn inntil 12 søkjarar.

Du søkjer digitalt her innan søknadsfrist 18. mai kl. 23:59. Vi sender ut svar innan fredag 23. mai.

Click or drag a file to this area to upload.
Må vere pdf

Tidlegare kursleiarar har vore:

Therese Tungen & Brynjulf Jung Tjønn (2024)

Julie Stokkendal & Pedro Carmona-Alvarez (2023)

Maria Navarro Skaranger & Pedro Carmona-Alvarez (2022)

Sumaya Jirde Ali & Gunnar Wærness (2021)

Anna Kleiva & Lars Svisdal (2020)

Eli Fossdal Vaage & Erlend Nødtvedt (2019)

Hildegunn Dale & Henning Bergsvåg (2018)

Pedro Carmona-Alvarez og Tiril Broch Aakre (2017)

Kristina Leganger Iversen og Anne Helene Guddal (2016)

Brit Bildøen og Ruth Lillegraven (2015)

Cecilie Løveid og Rolf Enger (2014)

Rolf Enger og Mirjam Kristensen (2013)

Rolf Enger og Mirjam Kristensen (2012)

Pedro Carmona-Alvarez og Inger Bråtveit (2011)

Ruth Lillegraven og Brit Bildøen (2010)