Fristen for å sende inn søknad er 6. april 2021 kl. 23.59. Søknadar som sendast inn etter fristen, blir ikkje vurdert.
Søknaden kan ikkje lagrast eller endrast etter at han er sendt inn. Vi anbefaler at les grundig gjennom krava til søknaden og har all informasjon klar før du byrjar å fylle ut skjemaet.
Søknaden skal innehalde 10–15 sider nyskriven tekst (skreve i løpet av siste to år) av skjønnlitterær karakter. Det kan vere ein samanhengande tekst, eller fleire kortare tekstar. Ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte. Den vedlagde teksten skal vere i pdf-format med nummererte sider og med fullt navn på første side. Vi ønskjer halvannan linjeavstand og 12 punkts skrift.