ÅRSSTUDIUM 25/26
Søknadsfristen for årsstudium 25/26, er tysdag 1. april kl 23.59.
Les informasjonen under nøye før du søkjer. Søknadsskjema finn du lenger nede på sida.
Målgruppe
Studiet høver for den som vil utvikle skriveevner med tanke på skjønnlitterær forfattarskap, eller opparbeide kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess i høve til arbeid innan journalist- og mediefag, forlagsverksemd, litteraturkritikk og -formidling.
Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Framfor å halde fram ein særskilt modell for skrivinga, tek ein utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med respekt for den einskilde si uttrykksform.
Krav til søkjar
- Generell studiekompetanse (tilsvarande Studentereksamen i Danmark og Slutbetyg i Sverige).
- Søknad om opptak skal innehalde 10–15 sider nyskriven tekst (skrive i løpet av siste to år) av skjønnlitterær karakter. Det kan vere ein samanhengande tekst, eller fleire kortare tekstar. Ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte.
- Den vedlagde teksten skal vere i pdf-format med nummererte sider og med fullt navn på første side. Vi ønskjer halvannan linjeavstand og 12 punkts skrift.
Søknaden skal elles ha opplysningar om:
- Personlege data
- Tidlegare utdanning
- Skrive- og leseerfaring
- Motivasjon for studiet
Språk
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk vert vurderte på lik linje. Søknadar på andre språk vert ikkje vurderte.
Opptaksnemnd og vurdering
I nemnda for opptak sit minst tre av dei fagleg tilsette ved akademiet.
I vurdering til opptak legg ein vekt på søkjar si evne til å framstille eit innhald/stoff i ei skjønnlitterær form.
Lånekassen
Bortsett frå ei semesteravgift på 2000,- for kopiering og medlemskap i Sammen, kostar undervisninga ved årsstudiet på Skrivekunstakademiet ingenting. Studentar som er tatt opp til studiet har rett på lån og stipend frå Lånekassen.
Søknad og søknadsfrist
Fristen for å søkje var 1. april 2025 kl. 23.59. Har du fleire spørsmål om årsstudiet eller søknadsprosessen? Ta gjerne kontakt med oss på epost, eller sjå her for meir info.