STUDIEPLAN

Studiets namn
Årsstudium i skapande skriving.

Omfang
Eittårig fulltidsstudium (haust/vår). Studiet tek opp 12 studentar.

Målgruppe
Studiet høver for den som vil utvikle skriveevner med tanke på skjønnlitterær forfattarskap, samt opparbeide kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess som har relevans også i høve til arbeid innan andre litteratur- og tekstorienterte yrke.

Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Ein held ikkje fram nokon modell for skrivinga, men tek utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med fokus på den einskilde si uttrykksform.

Opptak
KRAV TIL SØKJAR

  • Generell studiekompetanse.

OPPTAKSGRUNNLAG

  • Søknad om opptak skal innehalde 10-15 sider nyskriven tekst, skrive i løpet av siste to år, av skjønnlitterær karakter. Ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte (obligatorisk).
  • Søknad skal elles ha opplysningar om:
  • Personlege data (obligatorisk).
  • Tidlegare utdanning (obligatorisk).
  • Motivasjon for studiet (obligatorisk).
  • Lese- og skriveerfaring (deltaking i lese- og skrivegrupper, redaksjonsarbeid, deltaking i antologiar el. andre publikasjonar, litteraturpedagogisk arbeid el. annan arbeidserfaring frå tidsskrift, forlag, o.l. Legg gjerne ved referansar).

SPRÅK
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk vert vurderte på lik linje. Søknader på andre språk vert ikkje vurderte.

OPPTAKSNEMND OG VURDERING
I nemnda for opptak sit akademileiar eller undervisningsleiar, samt minst eit medlem frå dei fagtilsette eller eit eksternt innkalla medlem.
I vurdering til opptak legg ein vekt på søkjar si evne til å framstille eit innhald/stoff i ei skjønnlitterær form.

Målsetjing
Årsstudium i skapande skriving har til mål å

  • Utvikle den einskilde student sine praktiske evner til lesing og skriving innan ulike litterære sjangrar.
  • Gje allmenn kjennskap til litteratur, også innan andre språkområde og periodar, utan å fremje særskilde kultur- og litteraturpolitiske tradisjonar og føremål. Innføring i litteraturteori inngår som ein del i dette.
  • Stimulere til ein allmenn litteraturestetisk diskusjon, samt å gå i dialog med andre estetiske fagområde.
  • Gje kjennskap til ein forfattar sitt virkefelt, vilkår og arbeidstilhøve.

Studiet kan, etter søknad retta til den aktuelle utdanningsinstitusjonen, gå inn som del av ein bachelorgrad.

Studiets innhald
Årsstudium i skapande skriving inngår på linje med andre utdanningstilbod i skapande skriving i Noreg, Sverige og Danmark, knytt til høgskule og universitet.

Studiet byggjer på ein modell der ein vekslar mellom undervisning (60%) og sjølvstudium (40%).

Innhaldet i undervisninga kan delast i følgjande tre hovuddelar:

  • Praktisk del. Skriveverkstad. Gjennomgang av studenttekstar (ca. 60%).
  • Teoretisk del. Undervisning i sjangerlære, teori, estetikk (ca. 30%).
  • Formidling (ca. 10%).

Praktisk del/Skriveverkstad med lesing og gjennomgang av studenttekstar er hovuddelen i studiet. Studentane får konkrete skriveoppgåver knytt til undervisninga, men skal også arbeide fram meir sjølvstendig produserte tekstar under sjølvstudieperiodane. Gjennomgang av tekstarbeid går føre seg i plenum, der studentane ilag med ein eller fleire lærarar får utvikle evna til å vurdere og kommentere tekstar, og skjerpe sansen for litterær kvalitet, i høve til eigne og andres tekstar. I tillegg gjev studiet jamleg tilbod om individuelle gjennomgangar, der studenten får høve til å treffe ulike lærarar for personleg rettleiing.

Teoretisk del/Undervisning i sjangerlære, teori og estetikk inngår som delinnhald i undervisningsbolkane, der innføringskurs i hovudsjangrane lyrikk, dramatikk, kortprosa/novelle og roman står sentralt, samt undervisning i relevante sjangrar som essayistikk. Studiet har ikkje som mål å gje omfattande innføringar innan litteraturhistorie, litteraturteori og estetikk, men legg vekt på å vise korleis sentrale idear innan desse felta kan stå i høve til samtidige litterære og andre kunstnariske uttrykk. Teoridelen vil elles byggje på studiar av einskildverk innan sjangrane dikt, dramatikk, novelle og roman, samt artikkelstoff om litteraturteori, sjangerteori og litterær analyse og om den litterære institusjonen. Ved hjelp av innsikt og evne til å nytte grunnleggjande litterære omgrep, skal studentane lære seg å analysere ein tekst og kunne gje uttrykk for korleis den er bygd opp og kva innhald den har.

Formidlingsdelen inneheld innføring i og arbeid med formidling av litteratur/kunst/kultur gjennom opplesingsarrangement, arbeid med publikasjonar (m.a. studentantologi), omsetjingsarbeid og skriving/framføring av essay/føredrag (deleksamen).

Undervisnings- og læringsformer
Studiet føreset evner til å arbeide sjølvstendig, og den einskilde student er i stor grad ansvarleg for eiga framdrift. All undervisning er obligatorisk.

Kvart semester er delt inn i bolkar som vekslar mellom undervisning og sjølvstudium. I periodane med sjølvstudium får studenten høve til å fokusere fullt ut på eige skrive- og lesearbeid. Arbeid som vert gjort i desse periodane dannar grunnlag for gjennomgang/rettleiingar, både individuelle og i plenum.

Ved sida av det sjølvstendige arbeidet med individuell og gruppebasert rettleiing, er den øvrige undervisninga sett saman av skriveverkstader, førelesingar og seminar.

Lærarkrefter og undervisningsmengd
Kvart semester har ca. 10 undervisningsveker og ca. 7 veker med sjølvstudium. Ei vanleg undervisningsveke utgjer fire undervisningsdagar, med onsdag som skrivedag. Ein vanleg undervisningsdag inneheld fire undervisningstimar, frå 10.15-11.00 og 11.15-12.00 før lunch, og frå 12.45-13.30 og 13.45-14.30 etter lunch. Studiet nyttar 4-5 fast tilsette lærarar, som representerer fagmiljøet i studiet. Desse arbeider i deltidsstillingar (25% – 50%) og vil følgje opp studentane jamleg i løpet av året.
Det vert også gjeve undervisning av gjestelærarar, både av skjønnlitterære forfattarar og fagpersonar frå det akademiske feltet. Slik undervisning skjer jamleg, i samarbeid med fagansvarleg for dei einskilde undervisningsperiodane. Årleg møter studentane frå 15 til 20 gjestelærarar, og fleire av desse vil også fungere som lesarar og rettleiarar. Gjesteundervisninga utgjer såleis eit viktig pedagogisk element i studiet, og er med på å sikre mangfaldet, både i høve til tekstleg utforming og vurdering. Gjestelærarane representerer eit breitt spekter av nordiske forfattarar og litteraturvitarar, og vil kunne gje studentane ulike synsvinklar og perspektiv på korleis ein tekst kan skrivast og lesast. Det vert også nytta gjestelærarar frå andre fagfelt enn det litterære.

Arbeidskrav
SEMESTERARBEID
Studenten skal under studiet jamleg levere tekstar ut frå skriveoppgåvene, samt levere semesteroppgåve/haustarbeid. Dette er eit skrivearbeid på 15-20 sider frå studentens sjølvstudiumsperiodar i haustsemesteret. Innhaldet i dette arbeidet er opp til studenten sjølv å velje, men det er eit krav at både ein prosasjanger og ein lyrisk sjanger eller dramatikk er inkludert. Semesterarbeidet vert gjennomgått og vurdert av ein ekstern sensor i januar, og må leverast og godkjennast for at studenten skal kunne gå opp til eksamen på våren.

DELEKSAMEN
Studenten skal innan 2. mai i andre semester halde eit føredrag for klassa og minst ein av fagpersonalet. Dette føredraget skal vere i essayform, på ca. 5 sider og basert på delar av pensum. Det skal ha ei reflekterande form og omhandle eit litterært emne. Det skal òg leverast skriftleg for å verte vurdert og godkjend av undervisningsleiar, slik at det kan gå inn som ein del av skriftleg eksamen. Det kan ikkje nyttast som del av hovudarbeidet.

EKSAMEN

For å få godkjent studiet må studenten fullføre eksamen på våren.

Eksamens- og vurderingsordning
Eksamen er delt i to delar, ein skriftleg og ein munnleg:

  1. Skriftleg del: Eksamen vert vurdert ut frå innlevering av 17-20 sider skjønnlitterær tekst (hovudarbeid), samt eit føredrag i skriftleg form  på ca. 5 sider (deleksamen), basert på delar av pensum (sjå også under arbeidskrav).
  2. Munnleg del: Grunnlag for vurdering av munnleg del er plenumsgjennomgangen av hovudarbeidet avslutningsvis i studiet. Her får kvar student opponentrolle for eit av hovudarbeida. I tillegg skal kvar student førebu ei prosjektutsegn for sitt eige hovudarbeid. Del 1 og del 2 vil gje sensorane grunnlag til å vurdere den einskilde student sin kunnskap om skapande skriving, praktisk og analytisk.

Vurderingsnemnda er sett saman av minst tre medlemmer, der minst ein er eksternt innkalla og minst ein har førstestillingskompetanse.

Det vert berre gjeve karakterane Godkjent – Ikkje godkjent.

For å få utdanninga godskrive som 60 studiepoeng, må studenten oppnå Godkjent på begge delar av eksamen.

Studentevaluering
Studentane får høve til å evaluere undervisninga for kvar fagperiode. Dette vert gjort munnleg til faglærar ved slutten av kvar fagperiode, og skriftleg ved slutten av kvart semester (skjema). Det vert også arrangert ein felles plenumssamtale/evaluering med alle fagleg tilsette i slutten av kvart semester.

Pensum
Teori: 500 sider (Litteraturteori, sjangerlære, retorikk og litterær analyse).
Skjønnlitterært pensum: 1600 sider (dikt, novelle, roman, skodespel, essay)

Av teoripensum er 400 sider fast pensum og 100 sider sjølvvald.
Av skjønnlitterært pensum er 1200 sider fast pensum og 400 sjølvvald.
Sjølvvalde delar av pensum må godkjennast av undervisningsleiar innan 15. februar i andre semester.