Responskurs

Dette er eit kurs for deg som skriv prosa og/eller lyrikk. I tillegg til kunnig tilbakemelding frå ein lærar som sjølv er erfaren forfattar, gjev responskurset eit innblikk i korleis tekstgjennomgang ved akademiet kan fungere i praksis. Mange av dei som har delteke på responskurset, har seinare kome inn på Skrivekunstakademiet. Mange har òg fått hjelp til å kome vidare i skjønnlitterære manuskript der dei har stått fast.

Hausten 2017 blir det responskurs laurdag 21. og søndag 22.oktober. Søknadsfristen er 2.oktober innan kl.10. Kurset kostar 2500 kroner. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på post@skrivekunst.no

Du søkjer med inntil seks sider med tekst i sjølvvald sjanger. Det kan vere ein eller fleire tekstar, avslutta eller utdrag frå noko større. Dersom du skriv prosa, er det fint om du brukar skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5 og at du paginerer sidene. Søknadstekstane til dei som får plass blir kopierte og sendt ut til kvar kursdeltakar for gjennomlesing i førekant av kurset, og det er i hovudsak desse tekstane det blir arbeidd med under kurset. Under dei to dagane kurset varer, blir kvar deltakar sin tekst/tekstar gått gjennom i plenum, der alle kan ta del i tekstsamtalen. Sjå nedanfor om tips til korleis du kan førebu deg på dette.

I tillegg til dei seks skjønnlitterære sidene, sender du kortfatta informasjon om deg sjølv (adresse, epostadresse og telefonnummer) per e-post til: post@skrivekunst.no, sørg då for å lagre dokumentet som pdf-fil. Eventuelt kan du sende søknaden via vanleg post til: Skrivekunstakademiet, Georgernes Verft 12, 5011 Bergen.

Nokre punkt til tekstgjennomgangen på sjølve kurset:

Tekstens ytre form:

  • kva sjanger er det snakk om?
  • korleis er teksten delt inn?

Tekstens innhald og indre form:

  • kva i teksten gjer sterkast inntrykk på deg og kvifor?
  • kva tema tek teksten opp?
  • har teksten ei handling? Kan du i så fall seie noko om kva den fortel?
  • personar/karakterar. Kven er dei, kva vil dei?
  • form og stil, nokre stikkord: rytme, musikalitet, temperatur, biletbruk, humor, ironi, distanse, nærleik. Prøv å peike på eit eller fleire formgrep som teksten gjer nytte av, og sei litt om korleis du opplever verknaden av desse.