Målgruppe
Studiet høver for den som vil utvikle skriveevner med tanke på skjønnlitterær forfattarskap, eller opparbeide kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess i høve til arbeid innan journalist- og mediefag, forlagsverksemd, litteraturkritikk og -formidling.
Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Ein held ikkje fram nokon modell for skrivinga, men tek utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med respekt for den einskilde si uttrykksform.
Krav til søkjar
- Generell studiekompetanse.
- Søknad om opptak skal innehalde 10-15 sider nyskriven tekst (skreve i løpet av siste to år) av skjønnlitterær karakter (ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte). Tekstane skal sendast i tre (-3-) eksemplar.
Søknad skal elles ha opplysningar om:
- Personlege data
- Tidlegare utdanning
- Skrive- og leseerfaring
- Motivasjon for studiet
Last ned søknadsskjema her (pdf) eller her (word).
Språk
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk vert vurderte på lik linje. Søknader på andre språk vert ikkje vurderte.
Opptaksnemnd og vurdering
I nemnda for opptak sit akademileiar, undervisningsleiar og ein eller to av dei faste skrivelærarane.
I vurdering til opptak legg ein vekt på søkjar si evne til å framstille eit innhald/stoff i ei skjønnlitterær form.
Lånekassen
Bortsett frå ei semesteravgift på 1200,- for kopiering og medlemskap i Studentsamskipnaden i Bergen, kostar undervisninga ved årsstudiet på Skrivekunstakademiet ingenting. Studentar som er tatt opp til studiet har rett på lån og stipend i ni månadar frå Lånekassen.
