SØKNADSSKJEMA FOR PÅBYGGINGSKURSET LIGG NO UTE

Søknadsfrist for påbyggingskurset til Skrivekunstakademiet er måndag 8. mai kl 23:59! Med Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug som lærarar, er studiet meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt. Sjå meir info om søknadskriterium og korleis ein søkjer her

Temakveld med Julia Martinčič

Julia Martinčič er gjestelærar på vårens kurs i fantastisk litteratur, og i det høvet inviterer vi til temakveld på akademiet!

Martinčič debuterte i fjor med «Hjertet er en alien», ei samling science fiction-noveller, på Tiden Norsk Forlag. I kveld vil ho presentere boka og snakke om eigen skrivepraksis, samt ha ein samtale med skrivelærar Rolf Enger om science fiction-sjangeren.

«Martinčič skriver om ny og fantastisk teknologi og menneskers møte med denne. Fokuset på teknologien i seg selv er dempet: Her er det ikke intrikate beskrivelser av nye vitenskapelige idéer. (…) Hos Martinčič ser vi verden, teknologien og det ukjente gjennom menneskenes (og androidenes) blikk. Et blikk som er friskt, originalt og underliggjørende.»
Kjetil Karlsen, Nye Nova

https://www.nyenova.no/bokomtale-av-kjetil-karlsen…/

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vert mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.

Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.

Kl. 19:00

Ope for alle.
Gratis inngang.
Mingling og høve til å kjøpe øl og vin.
Vel møtt!

Temakveld med Thure Erik Lund

Thure Erik Lund har vore gjestelærar på Skrivekunstakademiet, og skal i kveld halde eit foredrag om korleis ein kan eller skal skrive ein roman. Vi gler oss!

Thure Erik Lund (fødd i 1959) debuterte i 1992 med «Tanger», som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. Sidan har han gitt ut 18 romanar og essaysamlingar og har vunne Sultprisen, Kritikerprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen. Lunds siste bok er «Vertebrae» som kom i 2023 og som kan lesast som ein frittståande oppfølger til romanen «Identitet» frå 2017.

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E
tidspunkt kl. 19.00 (til ca. 21.00)
Ope for alle.
Gratis inngang.
Temakveldane på Skrivekunstakademiet er støtta av Bergen Kommune og Kulturdirektoratet.

Temakveld med Sandra Lillebø og Anna Kleiva

Denne veka har Anna Kleiva vore lærar i kurset metode og prosess, og skal på temakvelden snakke med gjestelærar Sandra Lillebø om metode og prosess i skrivinga, og om Sandra Lillebø sin nyaste roman, Ein fransk familie. Vi gler oss!

Sandra Lillebø er fødd i 1978 i Ålesund og bur i Bergen. Ho debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlingen Navnet på den ensomme er frigitt. Etter to diktsamlingar kom romanen Tingenes tilstand i 2020, og i 2023 er ho aktuell med romanen En fransk familie.  

Anna Kleiva er fødd i 1985 i Oslo. Ho er oppvaksen på Vinstra og bur i Oslo. Ho debuterte med diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011 og har sidan debuten gitt ut diktsamlingar, gjendiktingar og seinast den litterære collagen Echo Mountain. 

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, der det også vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E

tidspunkt kl. 19.00 (til ca. 21.00)

Ope for alle.

Gratis inngang.

Temakveldene på Skrivekunstakademiet er støtta av Bergen Kommune og Kulturdirektoratet.