Å vere fange i forteljarens hus: om å gjendikte Anne Carson, med utgangspunkt i Albertine-økt

Tone Hødnebø har i ei årrekke gjendikta årets nobelprisvinnar, Anne Carson, til norsk. I desember kjem ho til Skrivekunstakademiet for å halde kurs i gjendikting for studentane våre, og vi nyttar sjansen til å invitere til temakveld med Hødnebø!

Denne kvelden får du eit gyllent høve til å høyre Hødnebø halde føredrag om å gjendikte Anne Carson, med utgangspunkt i Albertine-økt, som kom på norsk i haust. Her er det berre å notere seg datoen med éin gong!

Tone Hødnebø debuterte med diktsamlinga Larm i 1989, og har gjeve ut seks diktsamlingar og ein poetikk. Ho har gjendikta et utvalg av Emily Dickinsons dikt, Skitne lille hjerte (1995) og fem utgjevingar av nobelprisvinnaren, Anne Carson. 

Ho har òg vore medredaktør i tidsskriftet Vagant (1990-95), og vore fast gjestelærar både på Skrivekunstakademiet og ved forfatterutdanninga i Bø. I tillegg har ho vore rettleiar og ad. professor ved Litterær Gestaltning ved Universitetet i Göteborg.

Anne Carson, født 1950 i Toronto i Canada, er blant Nord-Amerikas fremste samtidspoetar. Ho er òg professor i klassiske studier, essayist og oversetjar frå latin og gresk. Anne Carson har motteke ei rekke prisar og utmerkingar for sitt høgst originale forfattarskap, og no sist, altså, Nobelprisen i litteratur 2026. 

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.

Tid: tysdag 1. desember, kl. 19:00
Stad: Skrivekunstakademiet sine lokale, Georgernes Verft 12, inngang E.

Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle.

TEMAKVELD MED KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD

Kjersti Annesdatter Skomsvold er gjestelærar på romankurset vårt i haust, og i det høvet inviterer vi til temakveld med henne!

Skomsvold er aktuell med Jeg skriver for å bli et menneske, ei bok som spring ut av litterære samtalar ho har hatt med nokre av dei viktigaste forfattarane i vår tid. Gjennom essays og refleksjonar undersøker ho korleis lesing, skriving og møte med andre menneske formar både livet og litteraturen. 

Denne kvelden vil ho snakke om kva det vil seie å skrive sant, om korleis skrivinga kan endre oss, og om korleis erfaringar frå livet finn vegen inn i litteraturen. 

Kjersti Annesdatter Skomsvold debuterte i 2009 med romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, som ho fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for. Boka vart òg nominert til Bokhandlerprisen, P2-lytternes romanpris og kortlista til Dublin Literary Award 2013.

Seinare har ho gjeve ut både diktsamlingar, barnebøker og fleire romanar, og er ein av våre mest kritikerroste forfattarar. I 2015 vart Skomsvold tildelt Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.

Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.

Torsdag 12. november kl. 19:00

Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle.

Temakveld med Anna Kleiva i samarbeid med KRAFT

Skrivekunstakademiet samarbeidar med KRAFT om kveldens temakveld!

Denne veka er Anna Kleiva gjestelærar på kurs i prosess og metode, og i kveld lanserer vi den siste utgåva av Parallell, skrive av Kleiva!

Tidlegare leiar av KRAFT, Kira van Hoegee, og forfattar og skrivelærar på Skrivekunstakademiet, Eli Fossdal Vaage, samtalar med Kleiva om hybridar, småutgjevnadar og krysningspunkta mellom kunst og litteratur.

Klokka 19:00 // gratis inngang // sal av øl og vin

Ver velkomne!

ÅRETS BESTE BØKER

I år er samtlege tilsette ved Skrivekunstakademiet aktuelle med utgjevingar. Faglærarar og akademileiarar – både avtroppande og påtroppande – har gjeve ut bøker, og Studiekonsulenten vår har essay på trykk i tidsskriftet Jaja.

Vi inviterer vi alle til å bli med og feire eit unikt år i SKA-samanheng. Det blir opplesingar og kanskje samtale, kanskje performance, kanskje sang og musikk – men ganske sikkert paljettar, glitter og stas.

Stad: Litteraturhuset i Bergen
Dato: 19. november
Tid: 19:00
Billettar: 150,-/120,-/60,-

Medverkande: Marita Algrøy, Pedro Carmona-Alvarez, Tormod Haugland, Morten Langeland, Sandra Lillebø, Sivert N. Nesbø, Erlend O. Nødtvedt, Eli Fossdal Vaage, Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug.

ÅRETS KULL

Studieåret 26/27 er godt i gang. Påbyggingskurset vårt hadde første samling i veke 36 og kjem på besøk att til andre samling i november.

Årsstudiet hadde opningsveke i veke 35, etterfulgt av to veker poesikurs, som fekk ei høveleg avslutning då vi reiste til Poesifestivalen i Ulvik. Der fekk dei vere med på eit variert, lærerikt og inspirerande program, og ikkje minst fekk vi høyre studentane lese opp eigne tekstar på Haugesenteret.

No har dei første veka med kurs i kortare prosa og neste veke inviterer vi til temakveld med Kristin Vego, som er gjestelærar på kurset.

Under kan de sjå kven studentane og kursdeltakarane er. Berre merk dykk desse namna først som sist, og ta godt i mot dei der de måtte treffe dei!

Årsstudium 26/27

Andrea Abelone Berg
Remi Neverdal Birkenfeldt
Mattis Emil Finne-Habel
Live Miranda Flaten
Ingunn Mjønerud
Weronika Nitsch
Camilla Nordtveit
Jeppe Schreiner
Emil Thorup
Liv Csilla Wallace
Ina Ovidia Aarskog

Påbyggingskurs 26/27

Nora Eide
Amalia Sanchez Knotten
Carl Tomas Nising
Linda Sandbæk
Rubina Johnsen Sletaune
Maja Waltré

Studentane på årsstudiet øver på opplesing på Haugesenteret