Påbyggingskurs med Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug

ØyehaugGunnhild_NYSTOR Waerness-GunnarJobbar du med eit skjønnlitterært manus du vil fordjupe deg meir i? No har du sjansen til å få mentorhjelp frå to av Noregs ypparste forfattarar. Søk om plass på Påbyggingskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet 2020/21. Kurset er meint for deg som har minst ei skjønnlitterær utgjeving bak deg, eller som har gått minst eit år på skriveskule på universitets- eller høgskulenivå. Meir om kurset og korleis du søker, finn du her. Søknadsfrist 15.mai.

Søk Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet!

_NI32175Drøymer du om å bli forfattar? 1.april er fristen for å søke om plass ved Årsstudium i skapande skriving. Vi er ei av landets eldste skriveutdanningar, og har meir enn 30 års røynsle med å utvikle skrivetalent. Svært mange markante forfattarar er tidlegare studentar hos oss, og ein stor del av dei som går her, blir utgjevne forfattarar. Kvart år kjem ei rekkje sentrale, nordiske forfattarar til oss som gjestelærarar. Meir om korleis du søkjer, finn du her. Siste frist for å søke er 1.april.

 

 

Temakveld med Mari Andreassen

Mari Andreassen debuterte i fjor med novellesamlinga Hvor lenge varer vi. Boka fekk strålande kritikkar over heile lina, vart nominert til Brageprisen, og Andreassen vart løfta fram som ein av fjorårets beste og mest lovande debutanter, mellom anna av kritikar Frode Helmich Pedersen i Morgenbladet. Ho er gjestelærar på Skrivekunstakademiet sitt kurs i kortare prosa i vårsemesteret, og på temakvelden vil ho snakke om debutboka, skrivepraksis og novellesjangeren.

Arrangementet er ope for alle og gratis.

Det er høve til å kjøpe øl og vin. Vel møtt!

86486345_2724672967585774_5184773868488753152_o

Søknadsfrist Årsstudium i skapande skriving

Frist for å søke Årsstudium i skapande skriving for skuleåret 2020/21 er 1.april 2020. Meir om kurset finn du her.

Søknadsfrist sommarkurs

Frist for å søke sommarkurs. Les meir om kurset her.