Semesterstart ved Skrivekunstakademiet

bokhylle-bregne-web

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Måndag 24.august klokka 12 er det klart for nytt skuleår ved Skrivekunstakademiet. Vi ønskjer alle våre nye studentar velkomen!

Ny kontorfullmektig!

Anngjerd Rustand vikarierer som kontorfullmektig høsten 2020.

Anngjerd Rustand vikarierer som kontorfullmektig høsten 2020.

Anngjerd Rustand (f.1982) går inn i rolla som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet frå hausten av, ettersom Eli Fossdal Vaage skal ha skrivepermisjon. Vi gler oss! Anngjerd Rustand er biletkunstnar med utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen (master i kunst 2010) og Kungliga Konsthögskolan i Stockholm. Ho var student ved Skrivekunstakademiet  i 2017–18, der ho blant anna var redaktør for studentantologien Jeg trenger ikke bein for å stå her. Rustand har også vore redaksjonsmedlem i Vagant, og driv dessutan forlaget Trippelpunkt, det ho gir ut eigne og andre sine kunstnarbøker. Ho debuterte skjønnlitterært i Signaler 2019, og arbeidar no med si første bok.

Rustand er òg kvinna bak det fantastiske, nye biblioteket på Skrivekunstakademiet, som i fjor fekk ei etterlengta oppgradering.

Anngjerd.no

Trippelpunkt.no

Haustens nye studentar klare

Opptaket til Årsstudium i skapande skriving skuleåret 2020/21 er gjort, og vi er klare til å ønskje tolv nye studentar velkomen inn dørane på akademiet til hausten. Dei tolv er Marianne Lauritsen, Robin Van de Walle, Jakob Winje, Ane Wraaman Wathne, Uzma Akbari, Eiliv Lundal, Ylva Thiis, Anine Aasen, Tony Renè Thorsen Ødegaard, Lina Maria Skullerud, Benedicte Skjalholt og Anna Mørk Maegaard. Gratulerer og velkomen til oss!_NI32258

Sommarkurs 2020 går som normalt

byline-bilde_for_281200710712BOK_Svisdal-Lars_Foto-Paul-S-Amundsen-.t5c07f3a5.m2400.xba49e0c7Vi er veldig glade for å kunne annonsere at sommarkurset med Anna Kleiva og Lars Svisdal vil gå som planlagt torsdag 25. juni til søndag 28. juni, men sjølvsagt med naudsynte smitteverntiltak. Søknadsfrist 2. juni. Kursavgift: 4000,-. Du finn meir om kurset og korleis du søkjer her.

Påbyggingskurs med Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug

ØyehaugGunnhild_NYSTOR Waerness-GunnarJobbar du med eit skjønnlitterært manus du vil fordjupe deg meir i? No har du sjansen til å få mentorhjelp frå to av Noregs ypparste forfattarar. Søk om plass på Påbyggingskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet 2020/21. Kurset er meint for deg som har minst ei skjønnlitterær utgjeving bak deg, eller som har gått minst eit år på skriveskule på universitets- eller høgskulenivå. Meir om kurset og korleis du søker, finn du her. Søknadsfrist 15.mai.