Om oss

Skrivekunstakademiet er ein høgskole som driv undervisning innan skjønnlitterær skriving. Vi har landets mest etterspurde utdanningstilbod på dette feltet, og mange av våre studentar har debutert som forfattarar.

Vi gjev undervisning i dei ulike skjønnlitterære sjangrane. Det er i hovudsak forfattarar som underviser, for tida fire faste lærarar i tillegg til ei rekkje gjestelærarar. Undervisninga legg vekt på det praktiske skrivearbeidet, og særleg på den einskilde student sine eigne tekstar.

Akademiet er lokalisert i Kulturhuset USF (Verftet) på Nordnes, eit bygg som huser mange kulturverksemder og kunstnarar innan ulike fagområde. I tillegg finn ein kafé, filmklubb, konsertlokale, visningsrom og teatersal i bygget.

Skrivekunstakademiet blei skipa i 1985, av forfattaren Rolf Sagen og Hordaland fylkeskommune, som finansierer institusjonen. I styret sit representantar frå fylkeskommunen, Universitetet i Bergen og Den norske Forfatterforening. Skrivekunstakademiet i Hordaland er ei stifting som har til føremål å gje undervisning i skrivekunst og elles arbeide for å styrkje norsk skriftkultur. Årsstudiet er gratis, og er godkjend som høgare utdanning av NOKUT. Fullført utdanning gjev 60 studiepoeng. Ein kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse for utdanning

For valperioden 2016–2020 er følgjande medlemmer og varamedlemmer vald til styret for stiftinga Skrivekunst-akademiet i Hordaland, i tillegg til Rolf Enger som tilsettrepresentant og Robin van de Walle som studentrepresentant for skuleåret 2020–21:

Medlem

1 Rasmus Laupsa Rasmussen, Styreleiar
2 Aud Karin Oen
3.Børge Lunde
4.Annette Mattsson  (Den norske Forfatterforening)
5.Magnus Sjersted (Universitetet i Bergen)

Varamedlemer

1. Alexander Fosse Andersen
1. Beate Husa
1. Ragnhild Fagerbakke
1. Henning Bergsvåg  (Den norske Forfatterforening)
1. Christine Hamm (Universitetet i Bergen)

Vedtekterhordaland-fylkeskommune