Tilsette

Skrivekunstakademiet har for tida fem fast tilsette som du kan lese meir om her. I tillegg har vi kvart år ei rekkje gjestelærarar, som du kan sjå ei liste over nederst på sida.

Øyunn Viken, akademileiar

Øyunn Viken, akademileiar

Øyunn Viken, akademileiar

Fødd 1973. Universitetslektor og cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap ved UiB. Har lang erfaring som forelesar og studentrettleiar ved UiB. Er styremedlem i Vestnorsk Jazzsenter, Bergen filharmoniske kor og ved Litteraturhuset i Bergen og har ulike andre styreverv innan kulturfeltet bak seg. Skreiv hovudfag om litteraturkritikk, og har arbeidd som bokmeldar i Morgenbladet. Ho har vore knytt til ulike undervisnings- og læringsprosjekt, og vore sensor ved universiteta i Stavanger og Agder, i tillegg til UiB.

 

Rolf Enger, undervisningsleiar

 

Rolf Enger, undervisningsleiar

Fødd 1960. Forfattar. Debuterte med novellesamlinga Ikke en urmaker i verden i 1989. Har seinare gjeve ut Bronsegutter, noveller (1991), Solformørkelse, roman (1994), Mekhane, essay-roman (1995), Hvis noen skulle være så vemmelige, noveller (1997), Tid og ro, roman (2001) og 1949 e.Kr, noveller (2005). Han har lang erfaring som skrivelærar, vore bokmeldar i ei årrekke for Bergens Tidende, arbeidd som journalist og vore tidsskriftredaktør.

 

 

 

Tormod Haugland, skrivelærar. Foto: Helge Skodvin

Tormod Haugland, skrivelærar. Foto: Helge Skodvin

Tormod Haugland, skrivelærar

Fødd 1962. Forfattar og førsteamanuensis i skapande skriving. Utdanna ved Skrivekunstakademiet og cand.art. med hovudfag i grafisk illustrasjon ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i  Bergen. Debuterte med romanen Under i 1994. Har sidan gjeve ut bøker i ulike sjangrar, som dikt, noveller, essay og skodespel, med romanen som ein hovudsjanger. Dei siste to bøkene er romanane Om dyr og syn (2017) og Om søvn og mørke (2019), som er delar av ein serie med sjølvbiografiske fiksjonar. Forfattarskapen til Haugland inneheld også ei mengd skjønnlitterære småhefte, publisert på Severina Sars Museum, eit miniforlag han driv saman med biletkunstnaren Annette Kierulf. Akademileiar ved Skrivekunstakademiet 1998-2008. Haugland er festspeldiktar i Bergen i 2021.

 

Gunnhild Øyehaug, skrivelærar

Gunnhild Øyehaug, skrivelærar

Gunnhild Øyehaug, skrivelærar

Fødd 1975. Forfattar,  cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap ved UiB og førsteamanuensis i skapende skriving. Debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. Andre utgjevingar er Knutar, noveller (2004), Stol og ekstase, essays og noveller (2006), Vente, blinke, roman (2008), Undis Brekke, roman (2014), Kvinner i for store herreskjorter, filmmanuskript (2015), Draumeskrivar, noveller (2016), Miniatyrlesingar, essay (2017), Presens Maskin (2018), Vonde blomar, noveller (2020). Har elles publisert ei rekkje skjønn- og faglitterære tekstar i ulike tidsskrift og antologiar, og gjendikta frå fransk. Øyehaug var medredaktør i tidsskriftet Kraftsentrum. Har røynsler frå arbeid som spaltist og litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen, medredaktør i Vagant, samt arbeidd som forlagskonsulent. Ho har vore knytt til ulike undervisnings- og læringsprosjekt, og vore knytt til allmenn litt.vit, UiB, som kollokvieleiar og sensor.

Eli Vaage, kontorfullmektig (permisjon). Foto: Thor Brødreskift

Eli Vaage, kontorfullmektig (permisjon). Foto: Thor Brødreskift

Eli Fossdal Vaage, kontorfullmektig (i permisjon høsten 2020)

Fødd 1984. Debuterte med diktsamlinga Hekla myter i 2014, og i 2019 kom diktsamlinga Estalåni. Er tidlegare elev ved Skrivekunstakademiet, og har ein mastergrad i Allmenn Litteraturvitskap frå UiB. Har i mange år arbeidd som journalist i ulike redaksjonar i NRK, og har vore publisert i fleire tidsskrift. Lagar podcast for Barnebokkritikk.no.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Anngjerd Rustand, kontorfullmektig (vikar)

Anngjerd Rustand, kontorfullmektig (vikar)

 

Anngjerd Rustand, kontorfullmektig (vikar høsten 2020)

Biletkunstnar med utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen (master i kunst 2010) og Kungliga Konsthögskolan i Stockholm. Ho var student ved Skrivekunstakademiet  i 2017–18, der ho blant anna var redaktør for studentantologien Jeg trenger ikke bein for å stå her. Rustand har også vore redaksjonsmedlem i Vagant, og driv dessutan forlaget Trippelpunkt, det ho gir ut eigne og andre sine kunstnarbøker. Ho debuterte skjønnlitterært i Signaler 2019, og arbeidar no med si første bok.

 

 

 

 

 

 

 

Faste gjestelærarar ved Skrivekunstakademiet:

Pedro Carmona-Alvarez

Kjersti Steinsbø

Gunnar Wærness

Frode Helmich Pedersen

 
Andre gjestelærarar ved Skrivekunstakademiet 2010-d.d:

Arne Lygre

Cathrine Knudsen

Ellisiv Lindkvist

Espen Stueland

Kristin Berget

Odd W. Surén

Øyvind Rimbereid

Lars Skorpen

Ulf Karl Olov Nilsson

Ingrid Nielsen

Erlend Nødtvedt

Øyvind Berg

Knut Ove Arntzen

Kristine Tofte

Tomas Espedal

Tore Vagn Lid

Bjarte Breiteig

Mette Moestrup

Tone Hødnebø

Annette Mattsson

Trude Marstein

Ida Linde

Gustein Bakke

Mona Høvring

Tor Eystein Øverås

Ingrid Rishøi

Audun Lindholm

Erling Kittelsen

Jeppe Brixvold

Kjersti Rorgemoen

Gritt Uldall-Jensen

Kristin Auestad Danielsen

Anders Hasmo Dahl

Tonje Røed

Catharina Gripenberg

Arne Skaug Olsen

Frode Grytten

Thure Erik Lund

Gro Dahle

Ole Robert Sunde

Torleif Linhave Bamle

Solrun Toft Iversen

Torild Wardenær

Maria Tryti Vennerød

Marit Eikemo

Susanne Christensen

Mette Moestrup

Anna Kleiva

Therese Tungen

Charlotte Myrbråten

Bjørn Sortland