Temakveld med Mari Andreassen

Mari Andreassen debuterte i fjor med novellesamlinga Hvor lenge varer vi. Boka fekk strålande kritikkar over heile lina, vart nominert til Brageprisen, og Andreassen vart løfta fram som ein av fjorårets beste og mest lovande debutanter, mellom anna av kritikar Frode Helmich Pedersen i Morgenbladet. Ho er gjestelærar på Skrivekunstakademiet sitt kurs i kortare prosa i vårsemesteret, og på temakvelden vil ho snakke om debutboka, skrivepraksis og novellesjangeren.

Arrangementet er ope for alle og gratis.

Det er høve til å kjøpe øl og vin. Vel møtt!

86486345_2724672967585774_5184773868488753152_o