Responskurs med Tormod Haugland 14.-15. mars

Haugland-Tormod– Eg hadde nok aldri komme inn på Årsstudiet dersom eg ikkje hadde gått på responskurset først. Kurset gav meg ei heilt anna tekstforståing enn det eg hadde frå før. Eg trur det gjorde meg til ein betre lesar, rett og slett.

Det seier Mari Johanne Nilsen, som tidlegare har vore elev både ved Årstudium– og påbyggingskurs i skapande skriving. Ho er ein av mange som hadde sitt første møte med Skrivekunstakademiet på responskurs.

Mari hadde tekstar på trykk i debutantantologien Signaler i 2017, året etter at ho fullførte påbyggingskurset ved Skrivekunstakademiet. Sjølv trur ho grunnlaget oppstod på responskurs.

– Eg fekk ei kjensle av at tekstane mine vart tekne på alvor. Det eg lærte mest av, var overraskande nok samtalen omkring bordet om alle sine tekstar, ikkje berre mine eigne. Eg oppfatta verkeleg tekstane heilt annleis før og etter gjennomgangen. Sjølv fekk eg ein del kommentarar som eg aldri hadde komme i tankar om på eiga hand, og mange av dei var nokså enkle grep som likevel gjorde dei langt betre.

God tilbakemelding er gull verdt

Drøymer du om å bli forfattar, men saknar kompetent tilbakemelding på tekstane dine? Eller har du planar om å søke om plass på Årsstudium i skapande skriving, og treng nokre tips om kva som skal til for å gjere søknadsteksten endå betre? Uansett om du har skrive i årevis, eller berre nyleg har vurdert å prøve å gjere skrivinga til meir enn ein hobby, kan Skrivekunstakademiets responskurs vere det du treng for å komme deg vidare med tekstane dine.

Helga 14. og 15.mars 2020 arrangerer Skrivekunstakademiet responskurs med Tormod Haugland. Tormod er ein av Skrivekunstakademiets mest erfarne skrivelærarar, og har sidan han debuterte med romanen Under i 1994 gitt ut fleire kritikarroste romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2019 kom den seinaste romanen i rekkja, Om søvn og mørke, som han hausta strålande kritikkar for. Tormod har ansvar for romankurset på Skrivekunstakademiets årsstudium, og i responskurset brukar han same undervisingsmodell som ein gjer på akademiet.

Søk tidleg og få rabatt

Full kurspris er 2300 kroner, men om ein søkjer innnan 15.februar, har vi eit spesialtilbod på 1900 kroner for dei som er tidleg ute. Endeleg søknadsfrist er 2.mars.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på post@skrivekunst.no eller telefon 55 23 04 50. Meir om kor mange sider du kan sende, korleis kurset føregår reint praktisk og korleis du søkjer, finn du her.