Responskurs med Tormod Haugland

hauglandEr du ein som skriv, men saknar å få tilbakemelding på tekstane dine? Då kan responskurs vere akkurat det du treng for å komme vidare. Her får du kunnig tilbakemelding frå ein erfaren forfattar- og skrivelærar, i tillegg til å delta i tekstgjennomgang i ei gruppe med andre skrivande. Helga 5. og 6. november arrangerer Skrivekunstakademiet responskurs med Tormod Haugland, og kurset har søknadsfrist 21.oktober. Meir om responskurs og korleis du søkjer, finn du her.