Søk påbyggingskurs i skapande skriving

pedrogunnar

No kan du søkje påbyggingskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet. Til hausten startar me opp eit nytt påbyggingskurs, retta mot deg som har eit år med kreativ skriveutdanning frå høgskule eller universitetsnivå bak deg, eller som har gitt ut minst ei bok. Pedro Carmona-Alvarez leiar kurset, og har med seg sin faste kompanjong, Gunnar Wærness. Begge høgt akta forfattarar og litteraturarbeidarar. Kurset går over hausten 2016 og våren 2017, og er eit høve til å få grundig oppfølgjing på eit lengre manuskript. Kurset har seks plassar. Søknadsfrist er 16.mai, og søknaden må vere poststempla seinast første virkedag etter denne datoen. Les meir om kurset og om korleis du søkjer her.