Temakveld med Laila Stien

12747357_963238363729252_170762834047502572_oLaila Stien skreiv ikkje noko ringare enn fjorårets beste novelle, ifølgje P2-lyttarane si kåring. Ho er aktuell med samlinga «Over elva» (2015), og til oss kjem ho for å lese opp og ikkje minst snakke om novelleskriving. Altså teiknar det til å bli ein unik kveld for alle som er glade i noveller, anten ein helst les dei eller skriv sjølv.

Arrangementet føregår i lokala våre på USF Verftet tysdag 1.mars klokka 19, og er gratis og ope for alle. Velkomen!