Tekst og trykk: Om å drive tidsskrift/forlag

Haagensen-Nils-OEivind Synne.Øverland.Knudsen

 

 

 

 

 

 

I 2013 spratt kulturtidsskriftet FANFARE opp mellom dei etablerte tidsskrifta. Med sitt mål om å vere eit overraskande blandingstidsskrift med «små og store aktører som står side om side mellom permene» leverer dei eit særeige bidrag til den allmenne tidsskfriftfloraren. I 2008 spratt Flamme forlag opp mellom dei etablerte forlaga som eit imprint i Cappelen Damm, med ei målsetjing om alternative utgjevingar som pamflettar, «boksinglar», kortromanar. Til Skrivekunstakademiets temakveld kjem Synne Øverland Knudsen frå Fanfare og Nils-Øivind Haagensen frå Flamme med denne utfordringa i bagasjen: Korleis og kvifor drive tidsskrift/forlag? Kva slags trykk ligg bak eit slikt ønske, liknar det til dømes på trykket som ligg bak ønsket om å skrive bok? Korleis arbeide i ein redaksjon? Og korleis er det å vere ein liten aktør, blant mange store? Desse og andre spørsmål kan det godt hende Knudsen og Haagensen vil gje eit svar på i løpet av temakvelden. Tid: kl. 19. Stad: Litteraturhuset i Bergen. Gratis og ope for alle, som vanleg. Vel møtt!

MERK: Nils-Øivind Haagensen frå Flamme forlag har diverre måtta melde avbod på kort varsel på grunn av sjukdom. Vi køyrer uansett programmet med Synne Øverland Knudsen. Vel møtt til å bli betre kjent med det spanande tidsskriftet FANFARE; dei fortener eit stort publikum.