Jubileumsantologien vår ute for sal

Svolt. Det som blir att kan villdyra ete er tittelen på Skrivekunstakademiets ferske antologi, beståande av nyskrivne tekstar frå 29 spennande forfattarar. Gjennom 30 år har Skrivekunstakademiet vore landets viktigaste institusjon for utdanning av nye norske forfattarar. Ei rekke av landets fremste samtidsforfattarar frå Karl Ove Knausgård til Gunnhild Øyehaug og Tomas Espedal har vore tilknytt skriveskulen på Verftet i Bergen. Vi markerer jubileet med ein litterær antologi med nyskrivne tekstar. Samlinga inneheld både skjønnlitterære bidrag og essay om litteratur, som samla er ein sterk manifestasjon av korleis skrive og tenke rundt litteratur i Noreg i dag. Bidragsytarar er Gunnhild Øyehaug, Øyvind Rimbereid, Thure Erik Lund, Ingvild Schade, Tormod Haugland, Tone Hødnebø, Anna Kleiva, Pedro Carmona-Alvarez, Kjersti Rorgemoen, Olav Øyehaug, Cathrine Knudsen, Odd W. Surèn, Sunniva Relling Berg, Mette Moestrup, Morten Langeland, Tore Vagn Lid, Cecilie Løveid, Anne Helene Guddal, Rolf Enger, Lars Haga Raavand, Lars Petter Sveen, Mari Ulset, Arne Melberg, Carina Elisabeth Beddari, Ulf Karl Olov Nilsson, Aina Villanger, Cesilie Holck. Boka kan bestillast frå forlaget eller direkte frå Skrivekunstakademiet.