Temakveld med Kjersti Rorgemoen

rorgermoenhåpet_og_festenstorFredag 11. september kjem Kjersti Rorgemoen til Skrivekunstakademiet for å snakke om den komande romanen sin, Håpet og festen. Rorgemoen, som sjølv har vore student ved akademiet, gjestar årsstudium i høve romankurset. Ho hausta svært gode kritikkar for debutboka si Purkene snudde seg som kom i 2009. Blant anna utropte Cathrine Krøger i Dagbladet Rorgemoen til «en av bokhøstens mest lovende debutanter», medan Odd W. Surèn i Dag og Tid hevda at «den einaste store feilen med boka er at ho er for kort. Me lyt få meir!»Kvelden er gratis og open for alle og tek til kl. 19 i lokala våre på USF, Verftet. Vel møtt!